fredag 31. desember 2010

Nyttårskjolen

I dag skal det feirast med go mat og fintfolk, i den anledning må ein ha passans klede. Dette er det mangelfult av i klesskåpe mitt, så då blei kjolen som har liggi ferdig klyppt heile jola sauma sammen i dag. Kjolen er sauma i fleece med litt blonder og bomull som pynt,bilde blei og tatt men mannen hadde ikkje like god tolmodighet som frua med å få eit bilde som blei lika.                                        Så no er det tid for og gjera siste rest i huset før fintfolket kjem, kalkunen skal straks i ovnen og waldorfsalaten er klar!:-) ha ein fin kvell og kos dykk masse, det skal me gjera!:-)

tirsdag 21. desember 2010

Spit Eller Strikketøy

Ja eg hell på og spiter om dagane, detta er faktisk til meg sjav. Hadde lyst på noko nytt til jol:-) er fyrste gang eg bruker denna uppskrifta, sø bli spennans å sjå resultatet!:-) ellers var eg på jobb i går kvell å det gjekk over all forventning. Utruleg høtt litt nesespray å halslinser kan gjera!  Ha ein flott dag!:-) No æ det ikkje lenge te Jol!:-):-)

onsdag 8. desember 2010

Kjole

Endeleg blei eg ferdig med kjolen eg har drive på med ei stund no, så då er det klart til å bjynde på dei siste jolegåvene eg skal lage.

lørdag 4. desember 2010

Pulsvanter

Lite med oppdatering på bloggen for tida, men dagane gjeng så fort og eg he så mykje eg ha villa gjort. Men her er vertfall noko av det eg held på med om dagane, jolegåver. Er litt seint ute med ting i år, ting tek litt lengre tid med ein liten i hus. Men det gjer ingen ting, me prøvar å kose kønn mens mini æ vaken å sø æ det ganske mykje eg vi få gjort når han søv:-) å slik gjeng dagane..  Bilde er av nokre pulsvantar eg har hekla, fleir er undervegs og kjem til å vera under nokre juletre i år.

søndag 21. november 2010

Joleforbredelsar

Då nærmar det slutten på denna helga og bjyndelsen på ei ny vike. I helga he me hatt besøk av dei 2 yngste syskena mine. me har hatt litt joleverkstad å laga litt nissar, drops, pepperkaker og jolekalender til foreldra køss, for å nevne litt. Me har prøvd å hatt ei slik helg før jol nokre år no, og syns det er ein fin tradisjon. I dag kom foreldra mine og den elste bror min ein tur, då va det tid for ribbemiddag og testing av det me hadde laga. Mini har hatt det heilt topp og kosa seg med all oppmerksomheten:-) ei kjempe flott helg!                                 Det må og nevnast at middagen blei eti i støga, og no er det bare nokre listar og straum (nesten ubetydeleg) som manglar. Så eg har bjynda å henge opp gardiner, no flyt me inn att:-)

torsdag 18. november 2010

mandag 15. november 2010

Noko te meg...

Før helga sauma eg ein tunika til meg sjav, har tenkt på å lage ein lenge, men har ikkkje funne noko mønster på slik eg ville ha den. Men no gadd eg ikkje leite lengre så ut fra mitt høve mitt klyppte eg ut denna. Det er mykje eg vil forandre på viss eg skal lage fleir, men den er fult brukans. Har brukt den i helga og den er go og varm!=)

Stoffet eg har bruka er fleece pledd fra Europris, ei gardin fått av sviger mor, ribb fra stoff og stil.





fredag 12. november 2010

onsdag 10. november 2010

Bukse

Då har eg endeleg fått sauma litt att, har liksom ikkje tatt meg tid til å sitte med symaskina i det seiste. Men i dag mens minsten søv sette eg meg godt til rette med symaskina mi, og lot alt anna vere akuratt som det var!=) Så då blei det ei bukse, klyppte og ut litt forskjelligt så no er det klart til meir sying.


Her er buksa, mønsteret er eget og stoff fra stoff og stil



Bak




 I kvell tok me siste strøket på soveroms golvet til mini, så no er det att å måle buren og litt små pirk på listar, så kan han få flytte innatt på soverommet sitt!=)

torsdag 4. november 2010

Luer

Har strikka 2 luer til, enkelt og lettvint strikketøy fram fe fjernsynet:-)

mandag 1. november 2010

litt strikking og sauming

Mini he fått seg nisselue...

Og så he eg sauma ein hettegenser


Blir ikkje så mykje tid til saum og strikking for tida, men når me he støga ferdig blir nok det meir prioritera att!=)

tirsdag 26. oktober 2010

Lue og sokkar

ja då he eg strikka litt, he vøri litt ""strikkelei." Men no har eg kåmi litt i sige att!=)

Så då blei det ei lue og sokkar i fyrste omgang, har strikka litt meir men det er ikkje heilt ferdig enda...så bilde får komme etterkvart.




tirsdag 12. oktober 2010

Genser og Kjole

Har sauma ein ein kjole, har ta utgangspunkt i eit mønser eg fant i eit sy blad, men har endra litt på den.


Har og sauma ein til genser, bilda blei tatt litt i full fart (som vanleg) så den ser jau ut som den er skjeiv både her å der...men det meiner eg å trur at den ikkje egentleg er!=)


onsdag 6. oktober 2010

genser

I kvel har eg fått sauma denna genseren, var egentleg inne på syrommet for det var Stort behov for litt ryddings. MEN det er veldig lett å finne på andre ting og, som å sette seg framfor symaskina å sy litt. Ryddinga kan eg ta i morgo au den!=)


tirsdag 5. oktober 2010

fleire bukser

Har sydd litt i dag og, då blei det 2 joggebukser. Den overste har mini fått, den andre har eg andre planer med..=)



mandag 4. oktober 2010

fleece bukse

Har sydd ei fleece bukse, skal vere ei gåve så håper den passer til motaker!=)







Har og byrja å planlagt jolegaver, har planar om å lage ein go del av dei, har gjort det tidlegare år og. Er altid like vanskeleg kvart år å vita kva ein skal gje til dei forskjellige, og kva dei syns om å få heimelaga gåver.

Har du byrja på jolehandel/planlegging??
har du idear eller forslag til ting ein kan gje i gåve?

Vognpose

endeleg er eg fredig med vognposen, har tenkt mykje på korleis eg har villa hatt den, men enda tilslutt med at eg laga ein av eit ullpledd me hadde. Eg har laga både ein fleecepose og dunpose tidlegare men dei har ikkje hatt hol til sele, så det var derfor eg måtte lage ny.

Her er verfall resultatet, er ikkje heilt fornøgd men det var slik den blei.


onsdag 29. september 2010

Sauming..

Fekk sauma litt i går og, så då blei det ein fleecedress



og ei selebukse...
den he ikkje fenje knappar enda, men det kjem plutselg...


mandag 27. september 2010

Bukser

Skulle egentleg vaske og rydde hus i dag, men det enda med at mini fekk seg 2 nye bukser istaen.

Har laga ei slik her tidlegare som ligg på salgs bloggen min, likte den så godt at eg laga ei til som mini kunne ha!=)

Apekattbukse, he laga genser av dette stoffe tidlegare, så då passa det bra med ei bukse til!=)

onsdag 15. september 2010

Bukse

Mini he fenje seg ei ny bukse i dag, å den er alt tatt i bruk. Så bilde blei tatt i kvell når buksa var ferdig brukt og grisa te!=)

Buksa er i str.86 og laga etter eget mønster, det blå einsfarga stoffet er ei gamal joggebukse som me har fenge av tante ik, mens det mønstrete har eg fått av mamma.



Her ser du buksa bakfrå



fredag 3. september 2010

Hettegenser og bukse

Då he eg fått siti littbak symaskina att, he hatt besøk i vika, å når syrommet og er gjesterom set det ein stoppar for syinga mi. Men er veldig kosleg å ha besøk, så det gjer ingenting!=)

Her er resulatet av nokre timar bak symaskina, ein blå joggedress med apekattar i str.90




Å her he mini alt tatt i bruk genseren, buksa er laga tidlegare. ivisjå det han leikar med, utruleg kva ein let dei leike med for å få tatt eit bilde!



torsdag 26. august 2010

Luer

He prøvd meg på luer i dag, som med alt anna så vek mini ut av luene sine au. Den som logg underst er fyrste forsøk, ikkje heilt vellykka (men brukans) forandra litt på neste og den blei som den skulle!=)
He alt klyppt upp til fleir, men sauminga tek eg ein anna dag!=)

onsdag 25. august 2010

Body og bukse

sydde ein body og bukse i str.80 fe ei lita beite sia, bodyen har enda ikkje fått trykknappar. Det er heller ikkje sikkert den får det, mini har alt bjynda med str.86 og har vokse ut av kleda før ho mor har rekkt å fått dei ferdige.

mandag 23. august 2010

Ford joggedress

Då he mini fenji ein ny jøggedress, he klyppt upp tøy til litt forskjelig eg skal saume. Så då blei det litt klede fyrst. Åssø måtte eg saume på eit ford merke, dette æ mannen i huset som he hatt liggans. så når eg rydda litt her om dagen spurte eg om det va heilagt ell om eg kunne saume det på noko av det eg laga te mini, og det blei kjappt godtkjent. Ford merke på klæine æ TØFFT!=)





torsdag 5. august 2010

Ny symaskin

Då he eg endeleg skaffa meg ei litt nyare symanskin, den er 3 år gammal men fe meg æ den ny!=) den førje eg ha hadde eg arva av gome (bestemor) og er sikkert rundt 50 år gammal, sø detta va litt meir avanserte greier!=)
He ikkje fenji testa den sø mykje enda, he vøri litt mykje på farten i det seiste, å hatt besøk, men eg og systra mi he testa den litt og me fekk te å saume både navn og bordar!=) gleder meg te å sette meg ned med den i kvell!=)
Æ kanskje på sin plass å sei at de æ mannen i huset som he kaupt den, eg fekk lapp te bursdagen som sto at eg konne kaupe meg ny symaksin å han skulle betale, tok bare litt ti å finne ei eg ville ha og som passa te summen eg syns passa å bruke på detta. Nye symaskiner som ikkje skø vera heilt av den enklaste slagen æ DYRT!

(ivisjå alt rote bak symaskina, æ klesvasken som ikkje he blitt rydda på plass heilt enda)

torsdag 18. mars 2010

Nå har jeg registrert meg på http://bloggurat.net/minblogg/registrere/30b75e61b8f59f4a51da7ad168873ba992ecfe8d

dåpsluver

Då nærmar det seg både dåp og bryllup, sø då måtte eg få gjort onna stasen te vesle gut, blei ikkje heilt fornøgd med den fyste luva eg laga (den kvite) sø laga ei te, sø fær me sjå kven det ender med at eg brukar!=)


Æ i Arabygdi no, æ ein del som skø stellas i stand sia me skø ha alt heime, og rundt 30 stk kjem. Så no æ det vasking, rydding og å greie på litt prakstiske ting som skjer på sondag, og på laudag kjem det eit 10tals følk som skø ivinatte i diversse hus og hytter, pluss at me bli 11 stk her i hovedhuset...sø bli følksomt!=) gledar meg masse!=)

torsdag 11. mars 2010

Bukse

He sitti litt med sy maskina i dag...måtte lage ein pøse te å ha uttapå dåpskjolen sø den ikkje bli flekkar på den når me skø ha den med i bilen, åssø he eg prøvd meg på ei bukse...blei heilt grei. Må nøk lage ei te med nøken små justeringar...=)




fredag 5. mars 2010

Buzzador


Eg he vert buzzador i lengre ti no, men he ikkje blitt tilbud ei kampanje før no. Eg he takka ja te å bli med på å teste nøken produkt, men veit ikkje enda om eg bli "godkjennt"


i såfall skø eg teste ut shampoo og leave-in balsam fe ongar!=)





eg har registrert meg som Buzzador på Buzzador.com og foreslår att du også gjør det!
Som Buzzador får du teste nye produkter och tjenester gratis.


Klikk på denne linken, så vises det at det er jeg som har invitert deg (mitt brukernavn som Buzzador er birjit):
https://www.buzzador.com/buzzador/index.php?file=


Hvis du vil vite mer før du bestemmer deg kan du klikke på denne linken:
http://www.buzzador.com/?refstr=


søndag 28. februar 2010

mufflar

He bjynda eit lite prosjekt att, håper eg bli ferdig, skø bli færig te dåpen te vesle gut!=)
detta æ mufflar te setesdal stakken, he aldri hekla mønster med mange fargar før, men va veldig moro...=)


onsdag 10. februar 2010

Er i Arabygdi ...

Er ein tur heime sjå foreldra mine, og me måtte jau ut ein tur i det fine veret å trille!=)






dette er bilde av garden eg kjem frå