torsdag 26. august 2010

Luer

He prøvd meg på luer i dag, som med alt anna så vek mini ut av luene sine au. Den som logg underst er fyrste forsøk, ikkje heilt vellykka (men brukans) forandra litt på neste og den blei som den skulle!=)
He alt klyppt upp til fleir, men sauminga tek eg ein anna dag!=)

onsdag 25. august 2010

Body og bukse

sydde ein body og bukse i str.80 fe ei lita beite sia, bodyen har enda ikkje fått trykknappar. Det er heller ikkje sikkert den får det, mini har alt bjynda med str.86 og har vokse ut av kleda før ho mor har rekkt å fått dei ferdige.

mandag 23. august 2010

Ford joggedress

Då he mini fenji ein ny jøggedress, he klyppt upp tøy til litt forskjelig eg skal saume. Så då blei det litt klede fyrst. Åssø måtte eg saume på eit ford merke, dette æ mannen i huset som he hatt liggans. så når eg rydda litt her om dagen spurte eg om det va heilagt ell om eg kunne saume det på noko av det eg laga te mini, og det blei kjappt godtkjent. Ford merke på klæine æ TØFFT!=)





torsdag 5. august 2010

Ny symaskin

Då he eg endeleg skaffa meg ei litt nyare symanskin, den er 3 år gammal men fe meg æ den ny!=) den førje eg ha hadde eg arva av gome (bestemor) og er sikkert rundt 50 år gammal, sø detta va litt meir avanserte greier!=)
He ikkje fenji testa den sø mykje enda, he vøri litt mykje på farten i det seiste, å hatt besøk, men eg og systra mi he testa den litt og me fekk te å saume både navn og bordar!=) gleder meg te å sette meg ned med den i kvell!=)
Æ kanskje på sin plass å sei at de æ mannen i huset som he kaupt den, eg fekk lapp te bursdagen som sto at eg konne kaupe meg ny symaksin å han skulle betale, tok bare litt ti å finne ei eg ville ha og som passa te summen eg syns passa å bruke på detta. Nye symaskiner som ikkje skø vera heilt av den enklaste slagen æ DYRT!

(ivisjå alt rote bak symaskina, æ klesvasken som ikkje he blitt rydda på plass heilt enda)