søndag 27. februar 2011

Hei

Det er dårlig med oppdateringar for tida, grunnen er rett og slett at eg ikkje har så mykje å skrive om. Eg har egentleg ganske mange prosjekt på gang men ingenting som er noko å vise fram enda. Eg har byrja og gjere klart til maling av golvet på soveromet til meg og mannen, så me har flytta ned på gjesterom/syrommet i mellom tida. Når me har flytta opp at er planen og gjere litt forandringar på syrommet så det blir litt meir praktisk, for no virker det meir som eit roterom. Me forandrer og litt på loftstøga, me sat veldig nærme tven så no har den kome opp i høgda der ikkje små fingrar rekk, men ting baller på seg og eg får fort gode (dårlege kjem ann på korleis ein ser på det) idear om kva meir me burde gjera. Den gamle tvbenken har blitt flytta inn på rommet til mini og har fått ei madrass på toppen, planen er og lage trekk til madrassa og få tak i nokre leikekasser som me kan ha i hyllene, så det blir då ein leikebenk. Så eg har mange morsome prosjekt/planar på gang, så sying og anna håndarbeid har eg litt pause frå. Blide av det eg held på med kjem etter kvart som det er noko å vise fram, bilde eg  viser i dag er av tvbenken så får me håpe resultatet når den blir ferdig ser litt bedre ut enn det den gjer no. Ha ein fortsatt fin sondagskvell!:-)

torsdag 17. februar 2011

Små puslerier

He eit miniprosjekt på gang, skal vise fram resultatet når det er ferdig, viss det blir vellykka!

lørdag 12. februar 2011

Bukser

I dag he eg endeleg sydd litt att, det blei 2 bukser i str 62. Sø smått det æ, er jau ikkje sø lenge sia minsten bruka sø små klede! Men detta skø vertfall bli gåver er planen, he planar om å lage litt meir sø fær bare sjå høtt eg rekk!:-)

mandag 7. februar 2011

Sjerf

Enda eit er ferdig, har egentleg halde på med detta lenge, så burde vert ferdig for lenge sia, men blei litt lei så då har det liggi litt på vent!:-)

torsdag 3. februar 2011

Arabygdi

Det er flott i Arabygdi, detta er tekji frå kjøkkenglaset ein morgo!:-)

tirsdag 1. februar 2011

Miniferie

Eg og minsten er nokre dagar på besøk sjå foreldra mine, her kosar me oss med aking, skigåing og leik. Det er veldig svært med tante og onkel, det var bare så vidt dei fekk lov og reise på skulen i dag te morgonen!:-) Eg og Pappa har vore på snikkarrome i dag, eg har for det meste sett på, men har fenje prøva meg med litt pussing og dreiing. Resultatet frå snikkarrome ser du på bilda, veit du kva det skal brukast til?