tirsdag 19. april 2011

Fleir luer

Eg held på med utbedring av mønster på lua til mini, denne gangen i eit anna stoff og. Det visa seg etter litt bruk at den fyrste eg sauma utvida seg og dermed sklei ned i augo, dette var lite praktisk! Så da prøver me på nytt, denne gongen i ribb, dette er meir stretch (he kje seiling på høss eg skriv de) i og satsar på at den heng bedre på hovudet. Den blei og sauma litt mindre enn den tidlegare versjonen, og når ein fyrst er på syrommet og godt i gang blei det laga ei til lue, denne er sauma på samme måte som dei eg har sauma tidlegare , bare at denne fekk øyreklaffar, knytesnor og "pynte"kant. Dei får bli testa ut i morgo når mini he vakna, kanskje eg må få lagt ut action bilde viss lua viser seg å vera vellykka, lua ser litt finare ut på eit hovud enn flatt på golvet.

Ha ein flott kveld!:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar