mandag 30. mai 2011

Underskjørt




Eg har hatt liggande eit skjørt som eg har kaupt på salg ei gong for ganske mange år sidan no, det har egentleg aldri passa, men syns det har vore så fint så eg har ikkje klara å kvitte meg med det.

Eg er vell egentleg slik med veldig mykje, eg ser liksom at det kan bli noko av alt, som andre ser på som søppel og skrot. Og dette gjer og min bedre halvdel, så her i huset blir alt for mykje samla på og alt for mykje dreg me med ooss heim, som ikkje andre vil ha.

Men av og til glimtar me til og nokre av tinga me samlar på blir gjort noko med så det kan brukast, slik som dette skjørtet. Det var ikkje så mykje som skulle til for at det blei brukans, klippe av linninga og saume på ein ribb, og vips så hadde eg fenje meg eit underskjørt, som passar!:-)
Published with Blogger-droid v1.6.8

søndag 29. mai 2011

I helga








Har me vore heime og kosa oss, eg jobba på laurdag. Etter eg var ferdig på jobb reise me ein liten tur på minidyrskuen på Søve, der såg me på alle dyra og kikka litt i bodene. Og når ei kåm til loppeavdelinga hadde dei byrja med posesalg, så da fekk litt forskjellig fylje med meg heim. Blandt anna nokre fat og ein bolle med ei matchande ause, det som var litt spesielt med den bollen og ausa er at bestemor hadde akuratt samme, bare av hennes var litt mindre, så den måtte eg bare ha.

Ellers så er eg blitt ferdig med prosjektet mitt, det var nye puter til sofaen med spisebordet eg dreiv på med. Eg har og planer om å saume nokre til hjørnesofaen, men det får vente litt, syns egentleg det er grusomt kjedelig å sy puter!!
Published with Blogger-droid v1.6.8

fredag 27. mai 2011

kveldens puslerier



I kvell var mannen på firmafest, og eg hadde huset for meg sjølv(etter mini var lagt for natta) så da blei mesteparten av tida tilbringt på syrommet. Og endeleg fekk ei byrja på eit prosjekt som ei har hatt planer om lenge, men har utsett og utsett, dette innebar nokre gamle gardiner (fått av svigermor) litt restar av tøy, knappar og finne ut korleis knappehols trykkfoten til symaskina funka(har prøvd den tidlegare men med
ymse resultat)

Og eg er strålande fornøyd med resultatet, men er ikkje ferdig enda, så her får de ein bitteliten smakebit på kva eg held på med!:-)

Ynskjer dykk alle ei flott helg, og tusen takk for alle dei fine kommentarane ei har fenje!:-)
Published with Blogger-droid v1.6.8

torsdag 26. mai 2011

Nattsett #2

Dette laga eg i går kvell og er alt tatt i bruk og krulla før eg hugsa og ta bilde.

Kort nattbukse og topp, eg hadde ikkje nok stoff til heile kortbuksa så bak er det to striper med restar av biljersey (greit og få bruka opp litt restar!) syns det blei litt tøff efekt!:-) toppen er nattkjolen eg sauma for litt sidan , den fekk litt større halsopning og blei litt kortare, og no blei ei meir fornøyd!:-) (trur eg!):-)

Planen var jau at eg og mini skulle ha matchande nattøy, men det eg laga i dag blei for lite, så eg må lage nytt. håpar eg har nok stoff så me kan matche litt vertfall!:-)
Published with Blogger-droid v1.6.8

Nattsett

Ja eg er inne i ei nattklede boble, stadig nye idear dukkar opp i hovudet om kva eg kan sy. Og nokre av ideane blir testa ut, denne gangen eit nattsett til gutar. Tok utgangspunkt i noko han hadde, som me syns he fungera bra (ikkje alt av klede som er like praktisk og har bra fasong) og mens mini sov litt ute i vogna,sauma eg dette settet.

Litt av stoffet er restar av det eg har laga meg nattklede av, mens resten er grå ribb. Ca str på dette sette er 86,( blei litt mindre enn planlagt) så eg får prøve det på mini, og viss det er for lite blir det nok lagt på salgsbloggen.
Published with Blogger-droid v1.6.8

onsdag 25. mai 2011

Nattkjole #2

Eg har prøvd meg på enda ein nattkjole, fant ut korleis eg sydde vaffelsøm i går, så da måtte eg teste det ut på eit plagg. Den er sauma ut fra samme mønster som den nattkjolen eg sauma tidligar, bare at eg kutta ut armar på denne. Den fekk vaffelsøm rundt livet, så det blei litt fasong på den(med litt forandringar kunne den ha blitt bruka som topp inntil ein tights) kanten nederst på nattkjolen blei bare overlocka.
Published with Blogger-droid v1.6.8

tirsdag 24. mai 2011

Kjole

Har prøvd meg på ein til kjole etter eit mønster ei har teikna sjølv, er enda ikkje heilt fornøyd med mønsteret, men det hjelper seg. Denne hadde eg egentleg planar om og ha sjølv, men den blei litt for stor, så denne er ca str 40. Stoff er velur og litt bomull på pynt og kanting, ribb i halsen. Har sauma inn strikk i livet for og få litt meir fasong på kjolen.
Published with Blogger-droid v1.6.8

T-skjorte




Ei t-skjorte i str 6-8år, dette er ein del av ei gave eg held på med.
Published with Blogger-droid v1.6.8

Bukser




Har sauma litt i dag, har klippt opp nokre bukser så da gjeng det fort når ein bare kan saume det sammen!:-) 2 bukser i ca str 50/56 og ei knebukse til mini i ca str 2år. Sauma i babycord, med ribb beina og livet. Mønsteret har eg laga sjølv, derfor ca str.
Published with Blogger-droid v1.6.8

fredag 20. mai 2011

Skjerf





Eg har prøvd meg på nokre skjerf i dag, har sett forskjellige rundt på nett og butikkane som eg har latt meg inspirere av. Det eine vil eg ha sjølv, det andre blir anten ei gave ellers blir det lagt på til salgsbloggen.
Published with Blogger-droid v1.6.8

torsdag 19. mai 2011

Genser/tunika


Denne blei til litt mens eg sauma, men blei ein genser/tunika med 3/4 lange armar. Ca. Str 3år.
Published with Blogger-droid v1.6.8

Genser

Denne genseren har liggi halvferdig lenge, den mangla kunn ribb i armar, hals og kanten nede. Og no trur eg den nesten er for liten til mini, ca. 86. Så denne kjem ei nok til og legge i salgs bloggen.
Published with Blogger-droid v1.6.8

onsdag 18. mai 2011

Sommarklede

Me har og testa ut sommarkleda eg har sauma til mini, og dei passa!=) Ikkje så lett å få tatt bilde av ein aktiv liten gut, men ein ser no korleis kleda er!=)

Kjetilbunad

Her kjem bilde av mini i Kjetilbunaden sin, det fyrste bilde er tatt i gangen her heime, nokre dagar før 17mai for å skjekke om kleda faktisk passa (det gjore dei heldigvis)
Selebuksa har eg sauma, den har eg lagt ut bilde av tidlegare, før den var heilt ferdig. Jakka er kaupt på Cubus til 50kr, hadde egentleg planer om å saume jakke/vest, men når eg kåm ivi den jakka gadd eg ikkje. 



Og så eit bilde fra sjølve dagen av gutane mine, så fine i bunad begge to!=)

Traktorgenser

Prøver og få bruka opp smårestar eg har liggans, og med litt sammen sying og tenking blei det ein traktorgenser i frote. Denne er sydd i str92, utganspunkt mønster som eg har bruka tidlegare men har vidare armar og lagt på på lengda, så blir kanskje heller str.98.