søndag 12. juni 2011

Jentesett

Eit jentesett i str.62 har blitt laga i løpe av dagen, body i interlock og ribb, bukse i velur, ribb og interlock, mønsteret er litt herfra og litt derfrå på både body og bukse.

Den gode gamle phaffen har og kåme fram att, etter eg lærte meg og sy med tvillingnål har eg måtta bytta nål og tråd til stadighet, slikt syns eg er kjedelegt. Så no har phaffen fått fast jobb, sy tvillingsøm, den kan til tider vera litt humørsjuk (grunnen til at eg kjøpte meg ny symaskin) men håper at når den kunn skal gjera ein type jobb og ikkje skal stillast på heile tida, at den blir litt meir på godlag!:-)

Ellers har me(eg og mini) bruka helga på å nyte fin været, mens mannen har stått i husveggen og skrapa måling(flinke mannen min!)

Kva har du gjort i helga?
Published with Blogger-droid v1.6.8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar