lørdag 11. juni 2011

Joggebukse

I kvell har eg styra på med nytt mønster på joggebukse til mini, noko som egentleg skulle gå forholdsvis enkelt. Men i kvell trur eg at alt som ein kan få gjort feil, har eg klara! Eg har ikkje tal på kor mange ganger eg har rekt opp og sauma sammen på nytt eller tredd maskinene på nytt, men eg ga ikkje opp! Så i morgo har mini ny bukse og bruke, jammen bra den var til tenkt han, for denne har så pass mange skjønnhets feil at den ikkje hadde passa å gjedd vekk.

Men kanskje neste bukse går bra, sidan eg no har gjort alle feila som kan gjerast!:-)

God pinse til deg og dine, nyt den ekstra fri dagen. Det skal me gjera!:-)
Published with Blogger-droid v1.6.8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar