onsdag 27. juli 2011

Litt sauming i dag og!

I kvell var eg litt aleine etter mini hadde lagt seg, så da bruka eg aleinetida mi på syrommet.
Eg fekk sauma ferdig ei Ånondbukse i velur, ein body i str.62 og ei bukse i str 62/68.
Dette er ting som har liggi ferdig klippt ei stund, men det er fortsatt meir att, så arbeidsledig blir eg ikkje med det fyrste.
Får bare håpe det er nøken som vil ha kleda!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.2

tirsdag 26. juli 2011

Hjelmluer







Jammen har eg sydd det i kvell, 2 hjelmluer. Det er ikkje lenge til vinteren, for sommar er det vertfall ikkje her. Og på vinteren må ein ha luer, av ull!

Nei da, vinteren trenger ikkje komme heilt enda, men eg prøvar og sy det eg har hatt liggande ferdig klippt (alt for) lenge.
Så i kvell blei det 2luer, viss dei passar mini blir dei til han.

Til for i luene er det ulljersey, som egentleg har vore ulltrøyer. Den svarte er i fleece, eine sida er fra eit ullteppe, mens andre sida er elgfleece fra stoff og stil.
Den andre er gul jersey med grønne maskiner, fra cetho, ribb på begge luene var ein rest eg hadde liggande.

Mønsteret er heimemekka, maskinlua fekk ein spiss, blir spennande og sjå om det blei vellykka i praksis.
Det er nok ein som må prøve luer i morgo!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.2

mandag 25. juli 2011

Hettegenser




Eg har sydd ein hettegenser til mini, denne har eg hatt liggande ferdig klippt lenge. hugsar ikkje grunnen til at den ikkje blei sydd, men var sikkert noko som blei klippt litt feil. Litt liten var den og, men med litt lang ribb i armar og ein brei kant nedert trur eg den skal bli brukans.
Published with Blogger-droid v1.7.2

Ånondbukse

Enda ei Ånondbukse er sydd, no er modellen og testa ut på Ånond og buksa såg ut til og passe. Me fant ut (eg og mor til Ånond) at det ikkje gjorde noko om den var litt vidare over mage og bleiestompen, da kan den veksas i enda lengre.

Så det spørs om eg lagar eit mønster som er litt vidare og, kan vera greit med ein smal og ein vid modell.

Denne buksa er sydd i lilla sky velur fra Cetho og kanta med lyslilla ribb fra stoff og stil. Str er 62/68, i den smale modellen.
Published with Blogger-droid v1.7.2

Genser nr.2







Eg skreiv tidlegare at eg hadde sydd 2 genserar til mini, men den eine var alt tatt i bruk før eg fekk tatt bilde av den. Den er ganske lik den fyrste, bare litt anna stoff på armane.
Mønsteret har forstørra fra str 86 til ca. 2-3år.
Og armane er vidare enn det egentlege mønsteret, så dette er så pass mykje forandringar at eg kan kalle det mitt.
Stoff er fra Cetho og litt kjøpt privat.
Published with Blogger-droid v1.7.2

mandag 18. juli 2011

StorKar #1





Små karar, blir store karar, Mini er inge unntak.
Han veks som bare det, og kleda blir fort for små, så her må mor stå på for og rekke og produsere nye klede fort nok.

Eg har lenge grubla på ein genser, som eg kan få bruka opp restas på og kombinere fleir stoff.
I går prøvde eg og få lage eit mønster på genseren, og teste ut mønsteret.
Det blei eit heilt greit mønster, til og vera fyrste forsøk, armane blei nok litt smale, og eg må gjera ei lita finjustering så armane passer litt bedre til armhola. Men alt i alt trur eg dette mønsteret kan funke, eg må bare teste resultatet på mini fyri eg har den endelege dommen.

Stoffa eg har bruka er litt kjøpt privat og litt fra stoff og stil.

Genseren har fenje navnet "StorKar" for det er det du må vera for og bruke genseren!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.2

søndag 17. juli 2011

Utfordringen for JULI

Denne månedens utfordring er følgende:

FAST OG MYKT! 

Sy et klesplagg, enten til deg selvavkommet eller noen andre,  der du kombinerer både faste og stretchy stoffer. 


Full frihet.. Nesten.. ;)
Stikkord for denne utfordringen er


Sommer!!!





Denne utfordringa har eg blitt med på,  inne på Denne bloggen blir det lagt ut ei sy-utfordrning kvar månad, og denne månaden fant eg ut at eg ville vera med. Oppgave gjeng ut på og kombinere faste og stretchy stoff, så eg har sydd ein kjole i velur med rynkekant i tynn bomull (begge stoffa fra stoff og stil), eg sydd på ei tynn blonde(fra panduro) sammen med rynkekappa og pynta med eit hjarta i nakken og to nede på skjørtet frammen. Møsteret har eg teikna sjav, har sydd av det før, men forandra det ganske mykje denne gangen og sydde den inn så den skulle passe bra til meg og min kroppsfasong.

Her kjem eit bilde ras











Og så eit par bilder med kjolen på







Liftgardin til badet

Det har eg sydd no, har tenkt på det ei stund, og etter eg kjøpte til mini og køss soverom fant eg ut av det kan eg fint lage sjølv.

Mange hundre kr for noko så enkle greier, dette er mange pengar spart og spesial sydd til vindauget.

Eg prøvde meg på trykk for fyrste gong, det glei litt utover når eg tok av malen, men syns det blei ein tøff efekt!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.2

Genser






Mini må ha seg litt nye klede til han skal byrja i barnehagen, så fyrst ut er eit par genserar.
Den eine er alt tatt i bruk, så den får eg legge ut bilde av etter vask.
Mønster på desse to er utgangspunkt fra eit blad, men det var i str. 86, så eg har forstørra til 2-3 år, og laga bolen og armane vidare, denne kan mini vekse litt i.
Stoff er fra Cetho, ribben er kjøpt privat.
Published with Blogger-droid v1.7.2