onsdag 31. august 2011

Fleece

4 fleece bukser i str 1år har blitt til i løpe av nokre kveldar så syrommet.
Den raude har fått lomme og litt "knæsj" ribb, dei 30andre er heilt enkle med ribb i bein og liv.
Published with Blogger-droid v1.7.4

tirsdag 30. august 2011

Lue



Ei enkel strikka lue i rillestrikk, snurpa sammen i toppen, dette er supert og strikke mens ein ser på tv:-)

Garnet er noko eg hadde liggande, med litt glitter i, strikka på pinne nr 6, så lua blir kjapt ferdig!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

søndag 28. august 2011

Luer

Tidlegare i vika klippte eg ut ein del luer, i løpe av helga har desse blitt sydd sammen, ein i ungdom/voksen str og 6stk i str ca. 1-3 år.
Mini har alt tatt i bruk den med apekatter, resten er tilsalgs.
Published with Blogger-droid v1.7.4

Haust

Hausten er på veg og det blir kaldare ute, det betyr for min del masse kos inne med stearinljos, teppe og noko varmt i koppen. Strikketøyet har blitt tatt meir fram, etter ein sommar med nesten ikkje noko strikking.

Men når hausten kjem får eg og lyst på forandring, og stoga er fyrst ut, i fyrste omgang litt ommøblering, men har lyst på nye gardiner etter kvart og.

Så her kjem litt bilete av spisestoga
Published with Blogger-droid v1.7.4

tirsdag 23. august 2011

Rooosa

Det er skjelden eg syr i, men når eg har kjøpt pakker inne på sykroken har det fylgt med litt jente stoff inni mellom, og i dag var eg i det rosa hjørnet og tok litt av.
Eg driv på og teiknar mønster i litt større størrelsar og denne buksa er fyrste test, tanken bak er at buksa skal vera litt smalare og passe til og ha under kleda, no som me nærmar oss ei kaldare tid med uteklede.
Str så denne buksa er 5-6 år, litt lengde så ribben i føtane gjer at buksa kan veksas litt i. buksa er i velur men det er ribb i føtar og liv.

Luer er det og ein kommande sesong for no, så da blei det ei stjerne lue i jersey, str 3-6 år
Stjerne veluren er fra Cetho, resten har eg kjøpt privat.
Published with Blogger-droid v1.7.4

Helgaspuslerier






I helga prøvde eg og få sauma og gjort ferdig litt ting som har liggi ferdig klippt og some ting som var byrja og saume sammen.

Resultatet blei ein body i str 62,ein nattdress, men den var på mange feil på at eg klippte av føttene og gjore den om til ei omslagsjakke, den blei i ca str 50/56.
Ein fleecedress som måtte få ny kant i halsen ca str 74/80.
Og to sikklesmekker blei det og, men det mønsteret er eg ikkje fornøyd med så det må eg forbedre. Ingen av tinga har fått trykknapper enda, har ganske mykje som skulle ha fått trykknapper no så får ta ein kvell og hamre litt!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

Toalettmappe




Mini treng ei ny toalettmappe så ei tenkte eg skulle sy ei til han, men det stoffet eg vil bruke har eg bare akuratt nok til ei mappe, så eg fant ut eg ville prøve med nokre restas fyrst for og teste ut mønsteret.
Så da blei det ei svart toalettmappe i svart cordfløyel, denne blei uten for men mini sinn skal få for.
Og siden mønsteret funka kan eg byrje så mappe nr 2 i dag!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

mandag 22. august 2011

August utfordringa





Då er det bare og stemme i veg!=)

Som nevnt tidlegare så har eg vore med på ei utfording med og sy yttertøy, og dette er mitt bidrag




No er det avstemming om kven som skal vinne utfordinga, så viss det vil hjelpe meg litt på veg  
Gå inn her og stemm!=)


søndag 21. august 2011

klakabuksur






Det har desse buksene fått til namn, det er nattbukser som ein bruker for og sleppe og bli nettopp klaka.

Desse byrja eg på for lenge sidan, trur dei nesten har liggi eit år ferdig klippt, men har aldri blitt til av eg har sauma dei sammen. Men i går og i dag har det blitt til 2stk, den eg laga i går (blå) var til meg sjølv, stor og blaut og god!:-)
Den er i ca str L, den eg laga i dag (gul) er i str M og har ikkje fått eigar enda.

Hovud stoffet er flanell, fått av mamma, eg har hatt heimelaga sengetøy og nattkjole i samme stoffet når eg var lita.
Stripa på sidene er interlock fra stoff og stil, i linning og beina er det lilla ribb kjøpt privat.

"No klakar iallefall kje eg om nettane te veten"
Published with Blogger-droid v1.7.4

lørdag 20. august 2011

Bukser








To bukser til har blitt ferdig ei i fleece og ei i bomullstoff, som liknar på olastoff.
Mønsteret er det samme, olabuksa har fått lommer framme og linning med strikk i livet, og ribb i føtane.
Fleecebuksa er heilt enkel og har ribb i liv og føtar.
Stoffa eg har bruka er fleece fra masker og sting, ribb fra sydilla og stoff og stil, bomullstoff fra stoff og stil, ugle stoffet i lommene er og fra stoff og stil.
Str er 2-3 år og er til mini.

Published with Blogger-droid v1.7.4

fredag 19. august 2011

Joggebukse







Mini treng bukser og, no har eg fått fornya garderoben hans med genserar, body og jakke, så da var det så tide med litt bukser.

Fyrst ut er ei joggebukse i velur, den har lang ribb i føtane så den kan veksas lenge i. Buksa har og fått lommer, to framme og ei bak (som blei litt skjeiv) , mini syns det er veldig stas med lommer, både sine egne og mannens, så no kan han fylle opp buksa med det han vil.

Mønster er mitt eige, str 2-3 år, stoff eg har bruka er fra stoff og stil og sydilla.

Har du lyst på ei slik bukse til din mini?
Send meg ein mail: birjit@hotmail.com
Published with Blogger-droid v1.7.4

torsdag 18. august 2011

Kosefilla

Eller bare Filla som den blir kalla her i huset, den må mini ha når han skal søve, også sutten da, ellers blir det dårlig med søvn.

Og det er ikkje det samma kva fille han får, han har fenje ein favoritt, og det skulle vise seg og bli ganske så vanskeleg og få tak i fleir av desse fillene. Den fyrste fekk han i barselgave, og så har eg fått tak i ei til så me kan få vaska dei.
Men no som han har byrja i barnehagen hadde det vore kjekt med ei som kunne ligge der, men no har det komme ny versjon av filla og den er ikkje godtekje av mini.
Den er altså luva så filla som blir kosa med, og på den nye filla er luva i velur, den gamle er i jersey/interlock.

Så prosjektet i kvell, som har vore tenkt på ei stund men ikkje gjort noko med før no, var å sprette av luva og sy ny luve. Dette er gjort og eg er veldig spennt på om det blir godtkjennt av sjefen, i morgo får eg nok dommen.
Published with Blogger-droid v1.7.4