mandag 8. august 2011

August utfordring









Temaet er Yttertøy og ellers står ein heilt fritt til kven det skal vera til, form og farge.

Denne utfordringa passa perfekt til noko eg har tenkt på ei stund, nemleg ei ull jakke til mini.

Eg hadde liggande grønn ull(filt?) , fylgde med når eg kjøpte litt stoff av ei inne på sykroken. Stoffet var akuratt stort nok til ei jakke, og eg ville ha glidelås i den, har og ein aplikasjon av ein traktor bak på ryggen.

Mønsteret er tatt litt her fra og derfrå,og målt litt på mini så den skulle passe, og jammen blei passformen bra.
Eg sauma ein kanal nederst så jakka, så eg kunne sette inn strikk viss den skulle bli litt vid. Mini har testa den ut litt (litt varmt til ull jakke enda) og det ser ut til at det fungerer greit uten strikk, men det kan hende den viar seg ut etter litt meir bruk?!

Det eg grua mest til, også grunnen til at eg ikkje har laga jakke før, var glidelåsen. Men det var ikkje noko og grue seg til, det gjekk så greit som bare det(flaks)

Traktoren er sydd av nokre velurrestar, og heilt gale kunne den ikkje vera for mini gjekk lenge rundt med jakka i hendane og dura som bare det!:-)

Ein ting som ikkje blei heilt bra var hals opninga, den blei litt vid, men ikkje så vid at eg kjem til og gjera noko med det.

Skal sjå om eg klarer og få ta eit actionbilde av mini og legge inn seinare.
Published with Blogger-droid v1.7.2

2 kommentarer: