onsdag 17. august 2011

Bodyar









Mannen ville skyte leirduver på skytebanen, og når han skal ha det moro ville eg au, så da reiste eg ein tur på syrommet.

Og der fekk eg laga nytt bodymønster, ikkje noko unikt, bare heilt vanleg konvoluttopning (trur det heiter det)

Fyrst laga eg i str 2-3år, det er ikkje så lett og finne bodyar i så store str, og sidan eg har bestemt meg for null shopping av klede (til meg og mini) fram til nyttår så er eg bare fint nøtt til og sy sjølv. Me fær teste ut bodyen i morgo og sjå om den passar, greit med ny body 2 dag i barnehagen!:-)

Eg har og laga ny modell i str 68, eg vil prøve og lage i litt fleir forskelige str, men får sjå når det blir.

Stoffa eg har bruka er interlock(grønne) og jersey, litt ribb i armopninga.
Published with Blogger-droid v1.7.4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar