fredag 5. august 2011

Merking av BirjitB klede




Eg har lura ei stund no om korleis ei skal merke kleda eg syr, eg må merke kva str det er og pris.
Mange lagar visittkort og henger på kleda, og skriv str og pris på dei, eg har og lyst til det men eg må fyrst få meg ein logo (nokon som kan hjelpe så skrik ut)

Enn så lenge henger eg bare lappar som eg skriv på, det byrjar og samle seg opp litt så det er litt greit at str står på lappen så eg ikkje surrar det heilt til (typisk meg)

Eg har og laga meg ei prisliste så eg har noko og gå ut frå når eg skal sette pris på det eg skal selge.

Eg har fått mi fyrste bestilling, og det er i grunnen litt skummelt, men det var ei veldig grei bestilig og eg får nesten frie tøyler, MORO!

Så er det fleir som likar noko av det eg syr, skrik ut, kanskje eg kan laga noko tilpassa dine ønske!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar