lørdag 3. september 2011

Bleielås






Ja det ha eg villa hatt, mini he den siste månen funni ut at det er veldig morgo og ta av nattklede og bleia etter han har blitt lagt. Me har testa ut det meste av klede, men har får alt av seg, spennande med knappar og glidelåsar for tida.
Eg har vore inne på tanken om å teipe fast bleia, men syns liksom ikkje det var sette løysinga.

Så eg måtte finne på ein nattdress som mini ikkje skulle få så lett av, uten knappar.
Så i kvel har eg teikna mønster og sydd fyrste test av nattdressen "bleielås" den har konvolutt opning i halsen og er ganske så smal, håper den ikkje er for smal.

Så i morgo får me prøve den på og finne ut kva eg må forandre,viss eg treng det.
Published with Blogger-droid v1.7.4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar