onsdag 26. oktober 2011

Ullbukse




Eg kjøpte litt ull jersey fra Sydilla for ei stund siden for og teste ut og med tanke på og sy ullbody til mini, jerseyen er kjempe godt og knall fin farge på. Den køstar litt for meteren og sidan den er så fin og flott har eg vore litt redd for og klippt i stoffet. Men no var det på tide og byrje, og fyrst ut blei det ei god ull joggebukse til mini (tenk og kunna hatt ei slik sjølv:-)) det må bli ein body eller genser og etter kvart, men når er uvisst!:-)

Mønsteret på buksa er det samme som ei har bruka på mange joggebukse og fleecebukser tidligare. Denne blei det ikkje lommer eller anna dilldall på, rett og slett fordi tanken er at den skal bli bruka under uteklede.
Published with Blogger-droid v1.7.4

tirsdag 25. oktober 2011

Fleece genser

Mini veks og han veks ut av kleda sine, det betyr at eg må sy nye, det er og greit at kleda er litt større no sidan det skal vera plass til ullklede innerst.

Eg har no teikna mønster på ein genser i ca str 3år, eg laga halsen litt viare enn tidligare for eg syns dei har vore litt stramme og tatt over hovudet den siste tida. Men eg tok nok litt hardt i og genseren blei litt vel utringa, ellers blei eg fornøgd med mønsteret.

Denne genseren er sydd i tynn fleece fra Lykkedragen, kjempe god fleece til tynne genserar!:-)

Bakstykke blei to delt rett og slett fordi eg klipte feil, så da blei det ein arm i kvar farge og, så det kan sjå ut som det var planlagt!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

søndag 23. oktober 2011

Luer

Eg har sydd litt luer, 5 i barne str -stor og 2 stk i str ungdom/dame!
Alle er tilsalgs for 125kr stk!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

fredag 21. oktober 2011

KjetilLue

det var på tide med ny lue til mini, han har ikkje heilt lika den eg sydde tidlegare med trykknapp, så no prøvde eg og forandre mønsteret til knyting, den funker, men det må litt forandringar til før eg blir fornøyd. Den må bli litt smalare i nakken og litt mindre i ansiktsopninga, men denne blei vertfall godt kjent av mini, så då kan eg trygt vidreutvikle lua. Denne modellen fekk litt lengre spiss enn den eg sydde tidlegare, litt usikker på om eg syns det var finare eller ikkje.

Lua er sydd i ulljersey fra sydilla og ullfilt fra stoff og stil, kanta nederst med ribb fra stoff og stil. Str på denne lua er ca 2-3år!








torsdag 20. oktober 2011

Hekla klut

  Det har blive mange hekla klutar med tida, nokre har eg behalde sjav (dei som har nokre skjønnhetsfeil) mens fleste parten blir gjedd vekk, som regel samman med noko anna i ei gave. Om det er noko folk blir glade for å få veit eg ikkje, eg veit bare at eg likar desse klutane veldig godt sjølv og bruker nesten ikkje andre klutar på kjøkkenet. Supre til og skrubbe bordet etter mini har kosa seg med mat!=)
  
Og no var enda ein klut ferdig, eg har som regel liggande eit slik hekletøy i veska, så blir det ein kjedleig/ledig stund tar eg det fram og hekler litt, og etter nokre slike små beiter blir ein etter ein klut ferdig!  Ganske så greit og sitte med når me er ute og kjøyrer bil (så klart når det er mannen som kjøyrer, ikkje eg!) 

Denne gangen blei ein grønn klut til!=)=) 



onsdag 19. oktober 2011

Strikka Hals

Inne på sykroken ( eit forum for syinteresserte) kom eg over ei oppskrift på og strikke ein enkel hals, denne måtte eg prøve meg på. Med tykkt garn og tykke pinnar gjeng det for og strikke, perfekt tv-strikking!=)
Eg bruka bare noe garn eg hadde liggande, litt for spreke fargar for meg så denne blir gjedd vekk, eg hekla og ein kant på eine langsida for og pynte den litt meir opp.
Eg har alt kjøpt inn meir garn, så fleir er på veg!=)





(eit vakkert bilde av halsen i bruk)

tirsdag 18. oktober 2011

Eg har sydd litt..

 For dei som ikkje har fått det med seg så har eg byrja på skule, eg har planer om å få ta studiekompetanse så eg kan komme inn på høgskulen, og sidan eg går på skule har eg nokre dagar som er kortare enn andre. I dag hadde eine lærare sjuk onge og det betydde at eg kunne reise heim litt tidlegare.
   Eg har fått klippt mange luer, og ofte blir det litt rester, så i dag gjekk eg gjennom restene og annt ut at mange av stoffstykka var såpass store at dei kunne bli panneband. Har ikkje laga slike før, men gjekk bare utifra måla til luene eg har sydd tidlegare, bredda blei litt ulike etter som kor stort stoffstykket var.

Ein liten time resulterte i 8 Panneband, alle tilsalgs for 50kr stk
 








lørdag 15. oktober 2011

Lilla alvekjole

 Denne har eg tenkt på lenge, har hatt den i hovudet, og plutseleg ein kveld kom den ned på papiret og blei til eit mønster. Denne er sydd i str 4 år, og til og vera fyrste utgave sei eg meg fornøyd med resultatet.
Den er sydd i lilla fleece, kanta med rosa stripete ribb og pingviner i lomma.







fredag 14. oktober 2011

ElefantGenser

Ein elefantgenser har sett dagensljos, denne er i str 2-3år og har ingen eigar enda.








Mønstert er laga av meg og stoffa den er sydd i er fra stoff og stil, godt og mjuk jersey!=)

Lilla kjole

 Eg byrja på denne kjolen for ei stund tilbake, eg brukte restar for å teste ut ein mønster (onion 2035?)
hadde egentlig planer om å ha den sjølv men etter kvart som den blei til syns eg den såg så stor ut (etter mønsteret str M) så då blei den bare lagt vekk, dei som mangla var halslinning, ribb i armer og kanting nederst på skjørtet.

I dag fekk eg endelig somla meg til og få den ferdig, den kan jau passe noen andre fordi om den ikkje passer meg, når den blei ferdig var den ikkje så stor som eg hadde fått for meg heller. Men den vill nok passe bedre på noken som har litt større byste enn meg.

Den er sydd i velur, pingvingvinar rundt lomma, og grå ribb, alt fra stoff og stil, armane er eit stretch stoff fra Sydilla.


(Bilda er tatt i kveld inne på syrommet med mobilen, så kvaliteten er så som så )















onsdag 12. oktober 2011

Bursdagsgåve

 Det er haust og sidan eg har blitt student igjenn, betyr  det haust ferie. Eg og mini har vore hos foreldra mine i Arabygdi og kosa oss. Det har blitt litt saming innimellom, og meir er påbegynt, men sidan mange av tinga eg syr er jolegaver og bursdagsgaver, kan eg ikkje vise fram alt.
Men ein bursdag er overstått, bror min hadde bursdag og blei feira i helga, han fekk lue og ei t-skjorte med stjerner. Og heldig vis passa det og falt i smak, ikkje like lett  og sy gaver til ungdom.

Eg har og fått med visittkort, Kjempe fornøygd med dei!=)






(vanvittig dårleg bilde av t-skjorta, ser kjempe skjeiv ut, men er nok bare fotografen som ikkje er så flink)


Eg har foresten fått meg ny mobil, ein Nokia N8, eg har den siste tida brukt mobilen til og blogge med...men eg får det ikkje til med min nye! Noen flinke folk der ute som har noen tips??? 

mandag 3. oktober 2011

Lilla sjal


 Eg har lenge tenkt på og sy sjal. eg har sett mange fine sjal har blitt til rundt forbi i den store bloggverden, og på Sykroken, og i helga var tida for at eg skulle prøve meg på mitt fyrste sjal.

Der er sydd i stoff frå stoff og stil, og har fått ei lys støvetegrønn blonde, kjøpt på eit opphørsslag. Eg har og bruka ein dekorsøm når eg falda kanten rundt. Alt i alt blei eg førnøyd med resultatet, og det kjem nok fleir sjal etter kvart.

Her kjem litt bilder av resultatet 






 her ser du vrangsida


 og bilder av det på (var ikkje så enkelt og ta bilde av seg sjølv)