tirsdag 25. oktober 2011

Fleece genser

Mini veks og han veks ut av kleda sine, det betyr at eg må sy nye, det er og greit at kleda er litt større no sidan det skal vera plass til ullklede innerst.

Eg har no teikna mønster på ein genser i ca str 3år, eg laga halsen litt viare enn tidligare for eg syns dei har vore litt stramme og tatt over hovudet den siste tida. Men eg tok nok litt hardt i og genseren blei litt vel utringa, ellers blei eg fornøgd med mønsteret.

Denne genseren er sydd i tynn fleece fra Lykkedragen, kjempe god fleece til tynne genserar!:-)

Bakstykke blei to delt rett og slett fordi eg klipte feil, så da blei det ein arm i kvar farge og, så det kan sjå ut som det var planlagt!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar