onsdag 30. november 2011

Litt Action bilder

Eg prøvde for ei stund tilbake og ta nokre bilder av mini i heimelaga klede, 
det var ikkje så lett.
Den dagen hadde han bestemt seg for at han hadde viktigare og 
morosamare ting og gjera enn å smile til mor bak kameraet.

Men nokre bilder blei det


Her i omslagsjakke i velur



Og så nokre bilete av mini med traktorjakka
(buksa er og heimelaga)



fredag 25. november 2011

Litt sauming



Det he vore lite tid og ork til sying den siste tida. Mykje å gjera på skulen, og sliten på kveldane har resultert i null sying, men masse kos foran tven!:-)

No som kveldane er så mørke er det koselig og tenne masse ljos, ta ein varm kopp te og så krype under teppe i soffakroken!:-)

Men no kjenner eg at det rykker litt i syfoten, og mange jolegåver venter på og bli sauma.

I dag blei det luer, 4 til dame og 1 til herre. Og dei nye merkelappane er tatt i bruk!:-)

Published with Blogger-droid v1.7.4

Nye merkelappar

Det byrja og tømme seg for merkelappar, så nye måtte bestillas. Denne gongen brune med ljos blå skrift og kvite med lilla skrift!:-)

No kan det saumast att!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

mandag 21. november 2011

Farsdags gåve

Litt seint ute men her kjem vertfall bilde av den, ei lue med maskiner fekk mannen til farsdagen i år.
Mini har sjølsagt sauma den, med litt hjelp frå mamma.

Det var faktisk mannen sjølv som ønskte seg lue med maskiner på, eller med gravemaskin. Han har tidligare fått ei stjernelue, og den måtte eg nesten tvinge på han, men etter at den kom på hovudet har den nesten ikkje fått lov til og kome av.

Den er vist nok genial under hjelmen når han er på jobb, og da var det behov for ei til så han hadde lue når den andre var på vask.

Og sidan mannen kjøyrer gravemaskin, må ein ha gravemaskin på lua. Sjølvsagt!

Lua blei tatt i bruk før eg fekk tatt bilde, og har vore nokre gonger i vaskemaskina, så bilde er der etter.
Published with Blogger-droid v1.7.4

Baking

Mini har fått vannkoppar og da må me halde oss heime, men for ein liten krabat som er veldig aktiv kan det bli litt kjedelig og halde seg i ro over lengre tid.
Så i dag fant me ut av me ville bake muffins, og det passer jo perfekt og bake når tanta til mini kjem på besøk seinare i dag! :-)

Pynt måtte me og ha på muffinsan, så mini har vore veldig så flink.

Og me har sjølv sagt testa både røre og ferdig resultat, det er godkjennt til og servere gjester!:-)
Published with Blogger-droid v1.7.4

mandag 14. november 2011

Luer

Bror min som fekk puter måtte og få ei lue. 
Og sidan eg fyrst skulle lage ei lue, laga eg to.
Så det betyr at eg har ei slik her som passer til hovud str mann!=)
Kr 125


søndag 13. november 2011

Puter

Denne tida på året er det mange bursdager og det betyr at meste parten av det som blir produsert på syrommet, er gaver. Det er jau og tid for og sy jolegaver, så har nok og gjera viss eg vil!=)

Den var den eldste bror min som hadde bursdag denne gongen, og kva skal ein gje til ein  som har alt? Denne gangen blei det puter til sofaen hans, syns det var litt vanskelig og vita kva slags stoff eg skulle bruke så dei ikkje skule bli for jentete. Men han er litt glad i retro, så da enda eg opp med dette stoffet og eg trur det falt i smak. 
Eg sydde både innerputer og trekk, og stoffet er frå stoff og stil.









lørdag 12. november 2011

Sjal

Eit til sjal har blitt sauma, nesten likt eit eg har sauma tidlegare dette var og ein del av gåva til mamma. Sjalet er ein stor trekant i bomulls stoff som er kanta med ei bomulls blonde.
Stoffet er fra stoff og stil og blonda er kjøpt på eit opphørssalg.





fredag 11. november 2011

Varmepose

      Eg har prøvd meg på ein varmepose, med ris inni. Det er den fyrste eg har laga, og den blei laga i tillegg til litt anna i bursdagsgåve til mamma. Så korleis den funkar i bruk veit eg ikkje enda, ho skulle teste den litt ut og så får eg nok tilbake melding. Ein ting eg såg når den var ferdig var at den kunne ha vore nokre cm lengre.
Den er sydd i bomull på innerpute og trekket er i mjuk babycord alt frå stoff og stil.