mandag 21. november 2011

Farsdags gåve

Litt seint ute men her kjem vertfall bilde av den, ei lue med maskiner fekk mannen til farsdagen i år.
Mini har sjølsagt sauma den, med litt hjelp frå mamma.

Det var faktisk mannen sjølv som ønskte seg lue med maskiner på, eller med gravemaskin. Han har tidligare fått ei stjernelue, og den måtte eg nesten tvinge på han, men etter at den kom på hovudet har den nesten ikkje fått lov til og kome av.

Den er vist nok genial under hjelmen når han er på jobb, og da var det behov for ei til så han hadde lue når den andre var på vask.

Og sidan mannen kjøyrer gravemaskin, må ein ha gravemaskin på lua. Sjølvsagt!

Lua blei tatt i bruk før eg fekk tatt bilde, og har vore nokre gonger i vaskemaskina, så bilde er der etter.
Published with Blogger-droid v1.7.4

1 kommentar:

  1. Så stilig farsdagsgave da :) Kan godt forstå at han likte lua med stjerner og ville ha en ny. Disse luene er jo knallgode :)

    SvarSlett