lørdag 24. desember 2011

Jolekjole

Jammen blei det ein kjole til meg før jol, me skulle i familieselskap og eg følte eg ikkje hadde noko og ha på. Det enda med at eg heiv meg rundt mens mini tok ein liten dupp dagen før selskapet. 
Kjolen blei (nesten) ferdig og eg fekk noko og ha på meg.
Kjolen er sydd i grå fleece med ribb i halsen. 

Armane er det bare ein rå kant på enda, trådane er heller ikkje festa. Stikking rundt halsen rakk eg heller ikkje. Men kjolen blei bruka og ingen kommenterte dei litt uferdige detaljane.






Mønsteret eg har bruka er onion 2007, den er sydd i str 38, men eg laga skjørtet litt vidare enn det mønsteret er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar