lørdag 24. desember 2011

Vest

Mini må og få litt klede, det har blitt sauma mykje mindre enn håpa på. 
I haust har eg hatt så mange planar, men mange har det ikkje blitt noke av. 
Skulen har krevd litt meir tid enn det eg i utgangspunkte hadde planlagt, kanskje ikkje så rart at det tek litt tid og koma inn i ting etter å ha vore vekke frå skulebenken i alt for mange år. 

Men jolegåvene blei eg vertfall ferdig med i tide, dei fleste heimelaga.
Og når eg endelig kunne sei meg ferdig med dei, tok eg meg tid til å saume ein vest til mini.

Dette er fyste forsøk på å sy vest, eg tok utgangspunt i eit mønster på ein genser eg hadde. 
Eg var litt usikker på kva som var lurt og forandre på for å få ein fin form, så eg endra veldig lite, kom fram til at eg fekk lage ein test fyrst og så finne ut kva som må endrast etter litt bruk.

Vesten viste seg og vera fult brukans, neste kjem nok til og bli litt smalare over skuldrene, og få litt større armhol. Vil og prøve og lage ein v-hals.

Vesten er sauma i interlock og ribb, str ca 3år




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar