søndag 1. januar 2012

Amme tunika

Ein ammetunika har blitt til dei seiste dagane, eg prøver og få til eit brukande mønster. Har tatt utgangspunkt i nokre gamle ammetoppar eg har hatt, som har funka men har ikkje vore heilt fornøyd med dei. Eg ville ha ein ammetopp som var litt lengre, så den kan brukast saman med tights. 
Mønsteret blei bra, men er nok litt i minste laget til meg, denne passer nok bedre til ei som ikkje har fult så stor byste som meg.
Så no må det til endringar på mønsteret, trur den kjem til og passe bedre viss eg forlenger stroppane litt.


Det er råkant nederst enda, har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal 
bare legge den opp eller og eg skal kante med lilla ribb her og.



eit forsøk på å ta bilde av ammeopninga
(eg har lyst på ei ustillingdokke så eg kan få vist fram kleda bedre!!!!=)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar