tirsdag 31. januar 2012

Kappeskjørt

Sammen med bestilling på ein kjole eg har vist tidlegare blei det og bestilt eit skjørt.
Ho som bestilte hadde sett nokre skjørt eg hadde laga til meg sjølv som
eg har vist fram på bloggen. Det eine har eg fiksa på fleir gonger, men hadde aldri noko mønster, det andre var eit kjøpt skjørt som eg endra linninga på. 
Så med utgangspunkt i desse to skjørta måtte eg lage eit mønster, einaste kriterie var at skjørtet skulle 
vera svart, så mogleghetane var mange.

Eg har bruka ( litt for) lang tid på dette skjørtet, grunnen har vore fleir men det har vore 
mykje og gjera på skulen, sylysten har ikkje vore på topp og kroppen
har skriki etter søvn.
Etter mykje tenking og mange forskjellige idear kom eg fram til korleis 
skjørtet skulle vera. For å teste ut om det blei noko greie på laga eg ein variant i bommuls chambrey ( frå stoff og stil) og eit rutete bomullsstoff (fått av mamma)

No er test skjørtet ferdig og godtkjennt av mottaker, så no er det bare og 
saume eit i ein svart variant.

Så dette skjørtet har ingen eigar, skrik ut så kan det bli ditt
Str på dette er M (det er ribb og strikk i livet så str er M +/-)
Selgast for 250kr











2 kommentarer: