tirsdag 10. januar 2012

Kjolebestilling

Dette er fyrste plagg ut av ei bestilling på ein kjole og eit skjørt, ho ville ha ein kjole lik ein eg har sauma til meg sjølv tidlegare, den kjolen finn du her.

Den kjolen eg har sydd til meg tidlegare er eit mønster eg har laga sjølv, og for å få ein fin passform måtte eg gjere ganske mange justeringar etter kvart som kjolen blei til.

Så då var det bare og forbedre mønsteret, eg har gjort den litt smalare i livet for å få den til og sitte finare på. 
Den er og litt lengre framme under bysta enn bak, og så har eg gjort skjørtedelen litt vidare.
Armane er og litt vidare enn på den fyrste kjolen.
Denne er i str M, men har og fått ei bestilling på denne kjolen i str S, så eg har laga mønster i den størrelsen og.
Alle stoffa er frå stoff og stil.











Og som du ser på bilda har eg fått meg sømbyste!:)
Eller eg har mekka sammen ei, med hjelp frå mannen.
Ein gammal genser og teip, blei kroppen. Ei lampe frå ikea som ikkje funka lengre, blei fot. Og for å halde alt på plass, gamle klede og ein pose stappa inni kroppen.

Hels på Gunda då vell!=)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar