onsdag 29. februar 2012

Strikkepinneetui

Eg fekk ein forespørsel om eg kunne sy eit strikkepinneetui, ho hadde sett denne så ho ville ha noko i likheten.
Eg har aldri sydd eit strikkepinneetui (utenom når eg miksa til noe ut av to brikker) men tok utfordringa på strak arm.
Av og til er det litt domt, det såg veldig lett ut og i teorien var det og det, men det er veldig nøye og få alt rett. Så når ein er litt pirk hadde det vore lurare å fyrst laga nokre som ikkje var lova bort. Men fullt brukandes er dei og eg håper mottaker kan bruke tross nokre skeive saumar.

Må og innrømme at dette ikkje er det moroaste å saume, men har mange i tankane dette hadde passa å gje gåve, så spørs om det må lagast nokre til etter kvart.








tirsdag 28. februar 2012

Bestilling

Det byrjar og nærme seg vår, og det merkast på bestillingane. No er det luer som trengst, og luene skal no vera litt tynnare og tilpassa varmare vær.

Då er det perfekt med desse jerseyluene no mot våren, desse er i den minste barne str ( ca 0-3 år)


Prisen for desse luene er 125kr, og eg kan saume i forskjellige stoff og str etter ditt ønske!=)


Ha ein flott kveld!=)

mandag 20. februar 2012

Rooosa

Jammen blei det eit tubesjerf til, denne gangen i litt sprekare farge
Nemleg Rosa!=)

Dette er ei bursdagsgåve til ei go venninnne av meg, så då håper eg det fell i smak.

Elefantstoffet er så søtt, men eg hadde ikkje brunt eller babyrosa stoff som passa.
Så da fann eg eit skarpare rosa stoff som eg syns passa veldig godt til.

Dette tubesjerfet er litt kortare enn dei 3 andre eg har sydd, ca 130 cm ( dei andre ca 150cm) så dette blir litt tettare rundt halsen.











søndag 19. februar 2012

Reinsdyrpute

No er pakka levert og opna så då kan eg trygt vise den fram, eg har sauma pute i bursdagsgåve til systera mi. Ho ønskte seg puter i farger som passa til sengeteppe hennes, så då enda det opp med ei pute i mjuk fleece. 
Stoffet er fra stoff og stil og er i brunt og kvit, perfekt til ei pute, den blir nok mjuk og god!:)
Bak fekk puta ein glidelås, så trekket er enkelt og ta av og vaske.






Har bare litt igjenn av dette stoffet, kvifor kjøpte eg ikkje meir?!

lørdag 18. februar 2012

Stjerner og striper


Enda eit sett med nattklede har blitt sauma i løpe av dei seiste dagane,
men no får det holde for ei beite. Har masse anna eg vil saume, og ei bestilling som eg må få surra meg i gang med snart og.

Denne gongen blei det stoff med sjerner og striper, syns dette sette blei litt tøft. 
Er egentlig ikkje så begeistra for så mykje farger, men med den brune bunnfargen på stjerne mønsteret
roa det ned litt alle fargane.



Armane på genseren fekk striper, og litt stjernestoff til armkanten






































Eg ynsker deg ein flott dag vidare!:)

fredag 17. februar 2012

Når ein fyrst har laga ein...

...kan ein likse godt lage fleir.
For fleire nattdressar er det alltid bruk for.
Sydd i stoffer fra stoff og stil
Str 3-4 år












torsdag 16. februar 2012

Tubesjerf




Eg har lenge tenkt å lage slike her sjerf, men ikkje før i dag blei det noko av. Systra mi hadde kjøpt seg eit einsfarga for ei stund tilbake (sikkert nesten 1 år sidan no, tida flyg!) og eg studera dette litt og fant ut at det var bare så simpelt laga at eit slik kunne eg liksegodt  sy sjølv. 
Einaste problemet med det at ein skal sy det sjølv er at det tar mykje lengre tid enn å reise på ei forettning og kjøpe eit. Ikkje at sjølve syinga i seg sjølv tek tid, men å få somla seg til å gjera det. Er så mykje anna eg og har planer om å sy, så det er snakk om kva som blir prioritert framfor kva.

Men no er det verfall gjort, eg har fått meg nytt sjerf, og i samme slengen blei nokre til laga.


Fyrst ut er eit i grå stjerner og kvit jersey





Så eit i offwhite og blomstrete jersey


Og tilslutt det eg laga med tanke på og ha sjølv, eit i offwithe jersey og stripete(grønn-beige) interlock


onsdag 15. februar 2012

Nattdress

Nattdressane til mini bjyndar og bli små, plutselig er genserar og bukser for korte. Foreløbig så søv han i ullnattdress, men sidan det nærmar seg varmare tider (håper det vertfall) er det greit og ha det klart til ullnattdressen byttast ut med noko tynnare.

Eg har liggande litt stoffer som eg ikkje heilt får bestemt meg for kva eg bruke til. Istaden for at det skulle bli liggande enda lengre, fant eg ut at det kanskje passa til nattklede. 
Syns dette stoffe er litt skrikande, men sammen med ein babyblå ribb blei det litt roa ned.

Mønster har eg laga sjølv, har bare forstørra mønster eg har bruka tidlegare til bukser og genserar.

Dette sette er i str 3-4 år








Baby bukse

 Me fekk vita at det var ein liten gut som gjømte seg i magen, at mini skal få ein lillebror. Og når me fekk greie på at det var ein gut då konne eg bjynde og gjere noko ut av alle planane. Litt enklare når ein veit fargen ein skal sy og strikke i!

Eg hadde litt restar etter eg laga  Ånondbuksa til mini, så då blei den fyrste buksa til knøtten ei blå stjerne bukse i velur. Eg har klippt ut mykje som ligger klart til og bli sydd sammen, så det blir nok litt babyklede fram over!:)




Kleda er jo bittesmå i str 50, tenk at mini har passa i så små klede!




onsdag 8. februar 2012

Eg vant!

For ei tid tilbake hadde Divamamma ein give away der ein kunne vinne babus håndklede og ei såpe frå
og eg var ein av dei heldige som vant!:)

Pakka kom kjempe kjappt og er alt blitt brukt mykje, super mjuke og gode håndklede.
Eg hugsa ikkje på å ta bilde før dei blei hivd i vaksemaskina, så bilde er lån fra divamamma.

Desse håndkleda kan absolutt anbefalast!





tirsdag 7. februar 2012

Del 2 av ei bestilling...

Eg fekk i romjola ei bestilling på ein kjole og eit skjørt, kjolen blei ferdig for ei stund tilbake og blogga om her
Skjørtet har tatt litt lengre tid og fått ferdig, har ikkje hatt så mykje tid til sying og sylysta har vore på
bånn, men endelig er det ferdig.
Modellen og mønsteret har eg testa ut tidlegare og skrive om her.

Dette skjørtet er sydd i ca str M, men med ribb og strikk i livet (som kan regulerast) kan skjørtet passe til dei fleste!=)

Stoffa eg har bruka er mest fra stoff og stil, og litt arva av svigermor.