onsdag 28. mars 2012

Det blir varmere

i lufta og det betyr at ein kan så smått bruke litt mindre klede.

Her ein dag når eg og mini var i loftstoga, han sat å teikna men eg sauma. Men mini meinte at eg og skulle teikne, og etter litt overbevsning flytta eg meg bort på klyppebordet. 
Litt usikker på kva eg skulle teikne, og mini hadde inger formeining om det, så det enda med at eg prøvde meg på eit mønster på ein singlett.
Mini hjelpte til med og dekorere mønsteret, mens eg målte, teikna og klyppte.

Eg fekk faktsik både laga mønster og klippt ut delane før mini blei lei. Arbeide blei lagt til sida og mini og eg fannt på noko anna.

Men sondags morgon ville mini opp, mens mannen ikkje, men mini ville ikkje ned å eta frokost, han skulle 
bort til klyppebordet og teikne.
Så da tok eg oppatt arbeide med singletten, og etter litt tid på morgonkvisten så var singletten ferdig.

Hadde det ikkje vore ein voksande kul på magen hadde nok singletten passa bra, men med litt lite stretch i stoffet blei den litt veldig trang over magen.
(bruka eit billigstoff til å teste ut mønsteret)
Eg kjem nok ikkje til å gjera så mange forandringar med mønsterte, men neste gong blir den sauma i eit stoff med litt meir stretch.
Dette mønsteret er laga i str M og stoffet er kjøpt på stoff og stil.









mandag 26. mars 2012

Vest

Eg har sauma ein ny vest til mini, eg sauma ein vest før jol  som funka heilt greit, men hadde forbedringspotensiale.
Denne gongen har eg laga armholene og halsopninga større, den er og litt lengre og vidare så den varer litt lengre (denna ungen veks som ugras)
Har enda ikkje fått testa den på mini, så veit ikkje kor bra passformen er enda, men utfrå resultatet trur eg at eg kan lage enda litt større halsopning og armholer.

Det er jo supert med vest uttan på ulltrøya (istaden for lang armagenser) no som det er så mildt i været!:)

Mønster: sjølvlaga
Str: 3-4 år
Stoff: Ribb frå S&S, interlock kjøpt privat





søndag 25. mars 2012

Genser i Bambus

Eg har hørt mykje om klede i bambus, eg vann for ei tid tilbake hånklede i bambus og stadig er det snakk om bambus. 
Håndkleda er me super fornøyde med, så etter å ha hørt og kjent på nokre klede i bambus kom eg fram til at dette måtte eg teste å sy klede av.
Eg bestilte stoff frå Myllymuksut, har enda ikkje testa det ut på mini, men det var supert og sy i!

På denne genseren har eg bruka eit mønster som eg har bruka mange gonger tidlegare.
Er eigentleg veldig fornøyd med dette mønstert, einaste er at den blir litt smal i halsopninga. Så istaden for å teikne om mønsteret, prøvde eg å lage ei knappeopning i eine raglandsaumen. 
Til å vera fyrste forsøk syns eg ikkje det blei så gale, men neste gong skal eg runde av hjørna i halsen enda litt meir.

Ribb frå S&S, bambus fraMyllymuksut og trykknapper frå Lykkedragen.
Str på denne genseren er 2år




lørdag 24. mars 2012

T-skjorter

Det har blive vår, og då nærmar og sommaren seg. Og når det bli varmare i lufta treng ein tynnare klede, så då var det på tide og sy t-skjorter til mini.
Få av sommarkleda frå i fjor passer, så her i huset må det saumast masse fram over.
Men det er og veldig mange som he bursdagar fram over, så her blir det planlagt Mange bursdagsgåver og sommargarderobe til mini.

Fyrst ut er 2 t-skjorter til mini, i str 3-4 år
Dette er samme mønster som eg sauma av i fjor,men er ikkje heilt fornøyd med mønsteret så det er under 
forbedring.
Ribb fra S&S, interlock frå Printknitstudio og trykknapper fra Lykkedragen



Dette er forresten innlegg nr 400! 

Ei til t-skjorte samme mønster, ribb fra S&S, interlock kjøpt privat og trykknapp frå Lykkedragen





onsdag 21. mars 2012

Kvardagen

Det har blitt litt dårlig med blogging i det siste, ikkje det at eg ikkje har noko og blogge om, for det har eg.
Det er mykje som blir gjort i heimen, og med ein go del besøk og anna kvardags ting blir bloggen ned prioritert.

Den siste tida har me pussa opp klesskapet (kotte) og me byrjar og nærme oss ferdige. Nytt golv har blitt lagt av flinke mannen, mens me sammen har måla og innreda. Er enda ikkje heilt ferdig med å innrede, måtte få sette inn det me hadde for å sjå kva meir me trengte. 
Og sidan me har ordna i klesskapet, har det og blitt kraftig sortert å kasta mykje klede. Mini har og fått plass til kleda sine i klesrommet. Når eg gjekk gjennom kleda hans fant eg ut at det var lite av sommerkleda frå i fjor som passa i år. Så dei siste dagane har gått med til og klippe sommarklede. Litt er alt byrja og saume saman, men ikkje noko ferdig resultat og vise fram enda.
Bilde av klesskapet får komme når litt meir har kome i orden.

Her er vertfall noko som har blitt ferdig stilt, 2 par med ammeinnlegg og enda fleir ligger og venter på og bli ferdige!:)


For ikkje mange dagar sidan blei eg eit år gamlare, og det betyr gåvur!=)
I år hadde mange i familien slått seg sammen om ei stor, Ny utgangsdynn med montering!!=)=) 
Gjett om eg blei glad, det blir så bra! 
Så til påske blir det ny utgangsdynn i huset!! jippi!

Ha ein flott dag, eg må fylje med litt i mattetimen!

torsdag 15. mars 2012

Sjal

Denne gongen til meg sjølv, og det har alt vore i bruka masse!:)

Eg har sydd nokre av desse trekantsjala, men alle har eg 
gitt vekk i gaver. Sist ut var svigemor, men det blei pakka inn og
gitt vekk før eg fekk tatt bilde.

Eg fant ut at eg måtte sy eit til meg sjølv og, for å teste ut korleis dei var i bruk.
Og er er fornøyd, litt fyrste dagen kanskje, men etter litt bruk er det supert!:)
Syns det var fint med litt farge no på våren, det meste av kleda eg føler meg vell i om
dagen er ganske så nøytrale, så det piffer opp med eit sjal i litt frisk farge!=)

Har du og lyst på eit slikt sjal?
Send meg ein e-post (birjit@hotmail.com) så syr eg eit til deg!=)

Eit lite bilderas av sjalet mitt, syns det var eit søtt stoff
(stoff og pompongar er frå S&S)





onsdag 14. mars 2012

Luer tilsalgs

Eg har rydda opp i salgsbloggen min, der skal eg legge ut ting som blir til overs av det eg syr.
No har eg sydd opp ein del luer som eg legger ut på salgs bloggen. 
Etter kvart som eg får sydd fleire ting blir det lagt ut på salgsbloggen min.

Eg har både luer til barn -her
damer/ungdom -her
eller kanskje ei lue til mannen? -her

Her er nokre av luene som ligger på salgsbloggen




Vil du ha ei slik lue, men i ein annan farge eller størrelse??
Send meg ein mail ( birjit@hotmail.com) så kan eg sy ei tilpassa dine ønske!=)

tirsdag 13. mars 2012

Evighets prosjekt

Ja denne strikkebuksa har vore ei evighets prosjekt, den blei byrja på for over 2 år sidan, av mamman min.
Den var då tiltenkt mini, men ho fant ut at ho ikkje rakk og bli ferdig med den innan den blei for liten. Så då gav ho strikketøyet vidare til meg. Men for eit kjedelig strikke tøy!
1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang..osv osv..på finne nr 2,5!!
Etter kvart innsåg eg at ikkje eg heller rakk og bli ferdig innan den var for liten, så det blei lagt vekk (stua vekk i ein skuff)
MEN så fekk eg greie på at eg skulle bli tante, og eg tok det fram igjen og hadde store planer om å bli ferdig så det kunne bli ei barselgåve. Men 1 rett og 1 vrang var fortsatt like kjedelig så buksa blei aldri ferdig til denne guten heller (han er no staks 1 år)
Det var at no ca 1/2 fot, ikkje mange timar jobb, men for eit tiltak og gjera ferdig. Når eg fant ut at det gjømte seg ein liten gut i magen min, tok eg igjen fram (kom plutselig over det når eg leita etter noko anna i ein skuff) strikke tøyet. 
Og denne gongen blei eg ferdig!=)
Det blei litt endringar, oppskrifta var egentlig med føtter, som ei strømpebukse. Men  sidan den er strikka i bomullsgarn (milk?) fant eg ut det blei litt krasj i forhold til årstid og str på buksa. Så den er laga uten føtter så den kan brukast uttan på ein ullstilongs som ei bukse!=)



 (eg er faktisk ikkje heilt ferdig, det må anten eit knutebånd, eller ein strikk i linninga. Men strikkinga er gjort!=)


onsdag 7. mars 2012

Monstertruck


Eg har sydd eit vårleg joggesett til mini, mens eg holdt på og klyppte ut t-skjorta til mini fant eg ut eg ville prøve meg på ei ny (ny for meg, maaange andre som har gjort det før meg)  type halsopning.
Angra litt i ettertid at eg ikkje testa detta på eit litt meir uvant stoff før eg klypte i veg på monstertruckane. (ikkje er det av det billigaste stoffe eg har, og ikkje har eg så veldig mykje av det heller)

Men det blei ei slags halsopning, er så vist ikkje fornøygd med resultatet, men etter og ha spretta opp i gjenn  og sydd x-antall gonger fant eg ut at det var best å la det bli som det blei. Det blir nok ikkje siste gong eg prøver meg på denne type halsopning, men litt meir testing på ei uvandare stoff skal eg gjera.

Jammen godt dette var tiltankt mini, er liksom ikkje så farlig med litt skjønnhetsfeil på kleda hans!:)












Og sidna ingenting gjekk som eg ville med t-skjorta, er det bare typisk at det ikkje blir 100% på buksa eg sauma etter på heller. Alt for stram ribb i lommene, men dette gadd eg ikkje gjera noko med, står i stil med den litt misslykka t-skjorta!=)



Stoffa eg har bruka er: Monstertruck frå Sydilla, isoli og ribb frå stoff og stil
Str på settet er 3-4 år




Men mini lika bilane på trøya si, så i dag blei det t-skjorte uttapå ulltrøya med matchande joggebukse i barnehagen!:)

torsdag 1. mars 2012

Lue bestilling

Eg har fått enda ei bestilling på luer, moro!:)

Dette var ei som hadde sett ei BirjitB lue og ville ha til seg og dattera, så her er det sydd 2 luer i minste barne størrelsen (ca 0-3år) og ei i dame str

Luene kostar 125kr pr stk