tirsdag 13. mars 2012

Evighets prosjekt

Ja denne strikkebuksa har vore ei evighets prosjekt, den blei byrja på for over 2 år sidan, av mamman min.
Den var då tiltenkt mini, men ho fant ut at ho ikkje rakk og bli ferdig med den innan den blei for liten. Så då gav ho strikketøyet vidare til meg. Men for eit kjedelig strikke tøy!
1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang..osv osv..på finne nr 2,5!!
Etter kvart innsåg eg at ikkje eg heller rakk og bli ferdig innan den var for liten, så det blei lagt vekk (stua vekk i ein skuff)
MEN så fekk eg greie på at eg skulle bli tante, og eg tok det fram igjen og hadde store planer om å bli ferdig så det kunne bli ei barselgåve. Men 1 rett og 1 vrang var fortsatt like kjedelig så buksa blei aldri ferdig til denne guten heller (han er no staks 1 år)
Det var at no ca 1/2 fot, ikkje mange timar jobb, men for eit tiltak og gjera ferdig. Når eg fant ut at det gjømte seg ein liten gut i magen min, tok eg igjen fram (kom plutselig over det når eg leita etter noko anna i ein skuff) strikke tøyet. 
Og denne gongen blei eg ferdig!=)
Det blei litt endringar, oppskrifta var egentlig med føtter, som ei strømpebukse. Men  sidan den er strikka i bomullsgarn (milk?) fant eg ut det blei litt krasj i forhold til årstid og str på buksa. Så den er laga uten føtter så den kan brukast uttan på ein ullstilongs som ei bukse!=)



 (eg er faktisk ikkje heilt ferdig, det må anten eit knutebånd, eller ein strikk i linninga. Men strikkinga er gjort!=)


2 kommentarer:

  1. Kjempefin bukse du har strikket:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, godt å endelig vera fedig med den!=)

      Slett