mandag 30. april 2012

Konfirmasjonsskjorte

 

 

Då var min del av skjorta ferdig, skjorta er no levert til mamma som tek seg av monteringa av hals og arml inningane. Det enda med at eg sauma halsen heilt annerledes enn det mønsteret var beregna på. Eg skreiv eit innlegg om testeing og prøving om denne skjorta tidlegare, og eg bruka ganske så mange timar på den andre varianten. Men eg blei aldri heilt fornøyd, så etter ein tlf til mamma om det var greit at eg gjorde den litt annerledes, blei dette resultatet.

Denne opninga er vell litt meir vanlig, når eg søkte rundt på nette og såg i bøkar var det liknande denne halsponinga på dei fleste. Eg såg litt etter bunadsskjorta til mannen (som eine svigerinna mi har sauma) for å sjå korleis eg skulle løyse det. Og denne gongen kan eg sei meg fornøyd, mamma har sett på den og godkjennt, så då må det vera greit.

  Bilde9

Det har vore veldig moro å sauma noko heilt anna enn det eg gjer til vanlig, det blir nok ikkje siste skjorta eg saumer. No kan eg både saume ny til mannen og mini når det trengs.

Bilde10Bilde11

 

  Bilde5

Eg skal få ta bilder av skjorta når den er heilt ferdig og er på eigaren, ikkje noko lett å ta bilde av ei halvferdig skjorte liggane på golvet. Men løysinga av halsen trur eg skal kome greit fram på bilda!:)

Bukse til mini

 

 

Eg skreiv tidlegare om denne t-skjorta som blei sauma til mini, etter den t-skjorta var sauma byrja det å minke fælt på stoffet. (meir har kome i hus no) P1060606 Og for å få bruka opp litt av restane, som det altid blir ein del av, fant eg ut at t-skjorta kunne få ei bukse med matchande lommer. Mini syns dette stoffet er kjempe tøft, og vil hels ha kleda på både på dagen og nåtta.  Så noko bilde av ei heilt ny bukse blir det ikkje, for når denne var ferdig sauma skulle den tas i bruk med ei gong. Og sidan då har den enten vore i bruk eller til vask.

Men no fekk eg endelig tatt nokre bilder før den skulle på i dag, rett fra snora skrukkete og fin.

Mønster: Eige

Str: 3-4år

Stoff: bommuls chambrey frå stoff og stil,, biler stoff fra printknitstudio, ribben er eg litt usikker på (Hilco?)

 

Buksa er sydd etter det vanlige buksemønsteret mitt, denne gongen blei det strikk inni ribben, sidan denne ribben er litt slappare enn stoff og stil sin.

 P1060694

P1060696

P1060695

fredag 27. april 2012

Konfirmasjonsskjorte


Den yngste bror min er konfirmant i år, og då må kleda vera på stell. Han skal gå med kufte, svart fin bukse og skjorte. Til skjorta har har mamma brodert arm og hals linningar, men så lurte ho på om eg ville ta meg av sauminga av sjølve skjorta. Mamma har sauma skjortene til dei to andre brødrane mine og hadde mønster liggande. Men kun mønster delane, ikkje noko ned skrive om korleis det skulle gjerast. For og ikkje gjere noko feil laga eg ein test fyrst i eit gamal laken, eg lånte med skjorta til den eine bror min for å ha noko å sjå etter.  Og at eg byrja med å lage ein test fyrst er eg veldig glad for, for med denne testen fant eg ut at det var forskjellige ting eg måtte gjera annerledes.  Her kjem nokre bilder av fyrste forsøk

fra mobil 037fra mobil 043

fra mobil 050

Det meste blei som det skulle, og lenge var eg iviraska over meg sjølv kor lett det gjekk. Men så kom eg til halsopninga. Den var ikkje like lett og få fin. I halsen er det to stoff remser som skal ligge i ei v-form, dei skal overlappe kvarandre. I enden av v-forma skal det vera eit legg i skjorta. og det er her problemet er, korleis få dette fint, på fram og bakside, for eg syns det skal vera fint på vranga og. Så då var det bare til og teste ut ulike metodar på og løyse dette, eg har studert andre bunadsskjorter me har hatt i hus, men ingen er sauma på samme måte. Eg har kikka i bøkar og på nette for og finne tips, men så veldig mykje klokare. Litt av problemet var at eg syns ikkje mønsterdelane på denne v-forma stemte overeins med resten av mønsteret. Så det heile enda med at eg har eikna om mønsteret så eg får det slik eg vil.

fra mobil 044
Dette er fyste forsøk, det blei ei glipe nesten heile vegen, og baksida såg ikkje ut!
 








  fra mobil 054
Eit andre forsøk, fortsatt ikkje bra nok.




 fra mobil 052
Eit tredje forsøk, og her har eg komme fram til korleis eg skal gjera det for og få resultatet eg ville ha, nokre små justeringar så baksida blei bra sto igjenn.




fra mobil 055
Og her er eg fornøyd, ser at den er litt skjeiv i forhold til legget, men det er bare eg som ikkje har måla nøye nok. Var ikkje så nøyen på det på desse testane, for det var løysinga om korleis eg skulle gjera det eg testa ut.

  







fra mobil 056
Vrang sida blir sjåande ca slik her ut.







Så då er det bare og klyppe ut i det faktiske stoffet, og håpe på at eg ikkje gjer nokon brølerar. Men no har eg sauma halsen ganske mange gonger, så eg burde vita korleis eg skal gjera det.
Så då veit de kva eg skal gjera i helga, her blir det skjortesaum på planen. Ønsk meg lykke til!:)
(Og skulle du ha nokre tips til kva eg evt gjer feil her, skrik ut!=)

lørdag 21. april 2012

Søsken sett

Som eg har skrivd om tidlegare så er det mykje gebursdagsgåver som har blitt sydd den seiste tida. Og dette er ingen unnntak, eit syskenpar som har bursdag i samme månad måtte få gåve.
Og sidan me nærmar oss varmare dagar (forhåpentligvis) så syns eg det passa med eit sett med t-skjorte og shorts.
Det fyrste sette er til ein som blei 3år, så dette er sauma i 3-4år, t-skjorta har eg vist tidlegare. Shortsen er tatt utgangspunkt i shortsen eg sauma til mini tidlegare, og etter mini testa den ut fant me ut att mønsteret var brukandes. Denne gongen blei det ribb i liv og føtar, i ribben livet har eg laga ei opning og med strikk inni, så ein kan justere livvidda litt. I sidene har eg sett inn ei stripe med ribb, ikkje for noko anna enn at eg syns det er fint som ein variasjon. Sjølve shortsen er sydd i grå babycord, og lommer må ein sjølvsagt ha så ein kan fylle dei opp med stein og sand.
Blei ganske så fornøyd med desse to setta, trur eg må lage noko liknade til mini og. Likar att det kan sjå litt pynta ut, men likevell vera behagleg i bruk.

Mønster: eige
Stoff: babycord og ribb frå S&S, ooga huskar eg ikkje
Str: 3-4år

 P1060650 P1060651 P1060652 P1060653 


Dette settet er til den eldre broren, samme mønster som det fyrste sette bare i litt større størrelse.
Mønster: eige
Stoff: ribb og babycord frå S&S, racerbilar frå Printknitstudio
                                P1060654
  P1060655P1060656
P1060657P1060658
Så då er det bare å håpe at kleda passer, og at det blir litt fint ver i sommar så det kan brukas!:)

Ha ein flott dag vidare!=)





torsdag 19. april 2012

Ånondbukser

Eg har nok og finne på for tida, det er fleir som har bursdag som eg saumar gåver til, og i tillegg har eg fått nokre bestillingar. 
Det er mange venner og bekjede som har fått baby, og så dukkar det opp bestillingar på barselgåver.
Det er altid like moro når dei som bestiller let meg gjere akuratt som eg vil, me blir enige om kva slags plagg som skal lagast (og om det er til jente eller gut) resten er opp til meg.
Då koser eg meg på syrommet meg!=)

Eg er i Ånondbukse modus, her kjem bilder av 2 stk, mens det ligger fleir ferdig klippte på syrommet klare til å bli sydd sammen.

Str: 2år
Mønster: sjav mekka
Stoff: Vertøy velur frå printknitstudio, kvit jersey frå sydilla?





Str: 6-12mnd
Mønster: Sav mekka
Stoff: ribb og interlock frå S&S, maskinjersey frå Cetho








onsdag 18. april 2012

Sjal

I mars hadde svigermor bursdag, og det er altid like vanskelig kvart år kva ein skal finne på og gje. 
Denne gongen blei det eit sjal som blei laga til ho.

Bilde blei tatt i all hast med tlf rett før det blei pakka inn og levert, så kvaliteten blei der etter.
Men syns dette stoffet er veldig fint i fargane og passer godt no på våren!

Mønster: eige
Stoff: Bomull og pompomgar frå S&S








tirsdag 17. april 2012

Enda meir biler

Enda ei t-skjorte i biler stoffet, men denne gongen i str 2 år.
No byrjar det å minke på dette stoffet, så det er godt det er meir på veg i posten!=)

Mønster: eige
Stoff: ribb frå S&S, interlock frå printknitstudio
Str: 2år


mandag 16. april 2012

Ånondbukse

No var det ei stund sidan eg hadde sydd ånondbukser, så no var det på tide. Eg har klippt opp fleir så det  blir nok sydd nokre no framover. Eg har laga mønster av Ånondbuksa i litt fleir størrelsar, denne er str 2år, (eg har og laga eit mønster i  str 4år, mini er lang så den i str 3 år byrja å bli kort i ryggen)

Mønster: eige
Str: 2 år
Stoff: ribb frå S&S, isolien har eg bytta til meg=)





søndag 15. april 2012

Forbedring?

Dette er ein av dei fyrste kjolane eg sydde til meg sjølv, den blei hivd sammen på formiddagen på ein nyttårseftan for nokre år sidan.

(elendig bilde, men er einaste eg hadde, sidan eg klyppte i kjolen før eg huska å ta bilde)


Kjolen er godt brukt, armane blei aldri ferdige (rå kantar) og etter mange gonger i vaksemaskina og litt dårlig grunnarbeid, var ikkje kjolen så fin lengre.
Største problemet var egentlig kappa nederst, den var sydd i eit bomulls stoff og var dårlig kanta, så det hang trådar frå stoffet ned.. den var og ein liten anelse kort.
I halsen hadde eg kanta med samme fleece stoff som i resten av kjolen, men sidan fleecen er ganske tykk, var denne kanten Veldig tykk, sidan den er dobbel.

Den har no lege og venta på forbedring, og jammen blei det kjolens tur denne gongen.
Halsen og armane har fått kanting med ribb, mens kappa nederst er bytta ut med ei ny i linfarga bomull. Denne gonga blei kappa litt lengre og rynka litt.

På bilde ser den veldig skjeiv ut, og det er den nok litt og, både etter bruk og sidan det var ganske tidleg i "sykariera" mi eg laga denne.  Men det ser ingen når den er i bruk!:)







Noko bilde av den på er ikkje aktuelt, sidan den ikkje er så kledelig på ein gravid kropp.
Men no er den vertfall klar til meir bruk, når eg ikkje lengre er eit hus for knøtten.

lørdag 14. april 2012

T-skjorte

Enda ei t-skjorte, denne gongen i kvit interlock og Ooga stoff, delt forstykke fordi eg ikkje hadde nok i Ooga stoffet til eit heilt framstykke. Syns det blei ein fin forandring, for det om det kanskje ikkje er så praktisk med så mykje kvitt på ei t-skjorte til ein 3 -4 åring.
Mønster: eige
Str: 3-4år
Stoff: ribb frå S&S, Interlock frå Sydilla?, oogaen har eg bytta til meg.




fredag 13. april 2012

T-skjorte

Mini held meg ofte med selskap når eg sitter og syr, eg har flytta syrommet til ein krok i loftstoga. I samme etasje har mini soverom, så då er han mykje inne på rommet sitt og leikar mens eg syr. 
Men han må bort og sjekke kva eg gjer til tider, og gjønne vil han sitte litt på fange og sy saman med meg.
Ein kveld eg sat å sydde ei t-skjorte (eg hadde planar om at det skulle bli ei gebursdagsgåve) då mini såg denne ville han ha den på. Tida var egentleg inne for nattdress og etter kvart sovetid, så eg prøvde og fåreslå at me heller skulle ta på nattdress. Men dette var ikkje mini enig i. 
Det enda sjølvsagt med at me tok på t.skjorta, eg tenkte som så at han skulle snart leggast så om han prøvde den i nokre minutt gjekk det greit. 
Men mini hadde andre planar, han ville sove med t-skjorta, og han ville og ha bukse. Det enda med at han fant ein shorts eg hadde sydd litt tidlegare og dette skulle han sove i.

Dagen etter blei han kjempe sur når me tok av t-skjorta, eg prøvde å forklare at det var litt kalt å bruke t-skjorte enda, og at me måtte ha på ullklede. Det heile enda med at me tok på ulltrøye med t-skjorta uttanpå. 

Så då fekk mini seg ei ny t-skjorte, kanskje han ikkje var heilt fornøyd med at den eg sydde tidlegare blei gitt bort i gebursdagsgåve. Så no fekk han sikkra seg ei i det tøffe stoffet!=)

Mønster: eige
Stoff: printknitstudio
Str. 3-4 år