søndag 15. april 2012

Forbedring?

Dette er ein av dei fyrste kjolane eg sydde til meg sjølv, den blei hivd sammen på formiddagen på ein nyttårseftan for nokre år sidan.

(elendig bilde, men er einaste eg hadde, sidan eg klyppte i kjolen før eg huska å ta bilde)


Kjolen er godt brukt, armane blei aldri ferdige (rå kantar) og etter mange gonger i vaksemaskina og litt dårlig grunnarbeid, var ikkje kjolen så fin lengre.
Største problemet var egentlig kappa nederst, den var sydd i eit bomulls stoff og var dårlig kanta, så det hang trådar frå stoffet ned.. den var og ein liten anelse kort.
I halsen hadde eg kanta med samme fleece stoff som i resten av kjolen, men sidan fleecen er ganske tykk, var denne kanten Veldig tykk, sidan den er dobbel.

Den har no lege og venta på forbedring, og jammen blei det kjolens tur denne gongen.
Halsen og armane har fått kanting med ribb, mens kappa nederst er bytta ut med ei ny i linfarga bomull. Denne gonga blei kappa litt lengre og rynka litt.

På bilde ser den veldig skjeiv ut, og det er den nok litt og, både etter bruk og sidan det var ganske tidleg i "sykariera" mi eg laga denne.  Men det ser ingen når den er i bruk!:)







Noko bilde av den på er ikkje aktuelt, sidan den ikkje er så kledelig på ein gravid kropp.
Men no er den vertfall klar til meir bruk, når eg ikkje lengre er eit hus for knøtten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar