fredag 27. april 2012

Konfirmasjonsskjorte


Den yngste bror min er konfirmant i år, og då må kleda vera på stell. Han skal gå med kufte, svart fin bukse og skjorte. Til skjorta har har mamma brodert arm og hals linningar, men så lurte ho på om eg ville ta meg av sauminga av sjølve skjorta. Mamma har sauma skjortene til dei to andre brødrane mine og hadde mønster liggande. Men kun mønster delane, ikkje noko ned skrive om korleis det skulle gjerast. For og ikkje gjere noko feil laga eg ein test fyrst i eit gamal laken, eg lånte med skjorta til den eine bror min for å ha noko å sjå etter.  Og at eg byrja med å lage ein test fyrst er eg veldig glad for, for med denne testen fant eg ut at det var forskjellige ting eg måtte gjera annerledes.  Her kjem nokre bilder av fyrste forsøk

fra mobil 037fra mobil 043

fra mobil 050

Det meste blei som det skulle, og lenge var eg iviraska over meg sjølv kor lett det gjekk. Men så kom eg til halsopninga. Den var ikkje like lett og få fin. I halsen er det to stoff remser som skal ligge i ei v-form, dei skal overlappe kvarandre. I enden av v-forma skal det vera eit legg i skjorta. og det er her problemet er, korleis få dette fint, på fram og bakside, for eg syns det skal vera fint på vranga og. Så då var det bare til og teste ut ulike metodar på og løyse dette, eg har studert andre bunadsskjorter me har hatt i hus, men ingen er sauma på samme måte. Eg har kikka i bøkar og på nette for og finne tips, men så veldig mykje klokare. Litt av problemet var at eg syns ikkje mønsterdelane på denne v-forma stemte overeins med resten av mønsteret. Så det heile enda med at eg har eikna om mønsteret så eg får det slik eg vil.

fra mobil 044
Dette er fyste forsøk, det blei ei glipe nesten heile vegen, og baksida såg ikkje ut!
 








  fra mobil 054
Eit andre forsøk, fortsatt ikkje bra nok.




 fra mobil 052
Eit tredje forsøk, og her har eg komme fram til korleis eg skal gjera det for og få resultatet eg ville ha, nokre små justeringar så baksida blei bra sto igjenn.




fra mobil 055
Og her er eg fornøyd, ser at den er litt skjeiv i forhold til legget, men det er bare eg som ikkje har måla nøye nok. Var ikkje så nøyen på det på desse testane, for det var løysinga om korleis eg skulle gjera det eg testa ut.

  







fra mobil 056
Vrang sida blir sjåande ca slik her ut.







Så då er det bare og klyppe ut i det faktiske stoffet, og håpe på at eg ikkje gjer nokon brølerar. Men no har eg sauma halsen ganske mange gonger, så eg burde vita korleis eg skal gjera det.
Så då veit de kva eg skal gjera i helga, her blir det skjortesaum på planen. Ønsk meg lykke til!:)
(Og skulle du ha nokre tips til kva eg evt gjer feil her, skrik ut!=)

1 kommentar:

  1. Jeg skal også sy en bunadsskjorte, til ei lita jente. Kjenner at jeg begynner å grue meg litt nå som jeg ser at du har testet ut på forhånd. Skummelt! :-)

    Jeg syr i vanlig bomullsstoff, så om det ikke blir bra første gangen så går det greit å prøve på nytt. Håper dog at jeg får det til på første forsøk, for jeg har ikke så mange dagene på meg nå. :-) Vil jo helst slippe å kjøpe en. Har sydd ferdig en barnebunad, men har ikke blogget om den ennå. Venter jo på skjorte... :-)

    SvarSlett