mandag 30. april 2012

Konfirmasjonsskjorte

 

 

Då var min del av skjorta ferdig, skjorta er no levert til mamma som tek seg av monteringa av hals og arml inningane. Det enda med at eg sauma halsen heilt annerledes enn det mønsteret var beregna på. Eg skreiv eit innlegg om testeing og prøving om denne skjorta tidlegare, og eg bruka ganske så mange timar på den andre varianten. Men eg blei aldri heilt fornøyd, så etter ein tlf til mamma om det var greit at eg gjorde den litt annerledes, blei dette resultatet.

Denne opninga er vell litt meir vanlig, når eg søkte rundt på nette og såg i bøkar var det liknande denne halsponinga på dei fleste. Eg såg litt etter bunadsskjorta til mannen (som eine svigerinna mi har sauma) for å sjå korleis eg skulle løyse det. Og denne gongen kan eg sei meg fornøyd, mamma har sett på den og godkjennt, så då må det vera greit.

  Bilde9

Det har vore veldig moro å sauma noko heilt anna enn det eg gjer til vanlig, det blir nok ikkje siste skjorta eg saumer. No kan eg både saume ny til mannen og mini når det trengs.

Bilde10Bilde11

 

  Bilde5

Eg skal få ta bilder av skjorta når den er heilt ferdig og er på eigaren, ikkje noko lett å ta bilde av ei halvferdig skjorte liggane på golvet. Men løysinga av halsen trur eg skal kome greit fram på bilda!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar