onsdag 4. april 2012

Lue med brot

Som så mange andre i  "sybloggverden" har eg og prøvd meg på lue med brot, eller skjerm for dei som kallar det det.
Dette er fyrste forsøk, så litt endringar blir det nok på neste, syns kanskje brote kunne ha vore litt lengre og breiare? kva syns du??
Eg tok utgangs punkt i jerseylue mønsteret mitt, men denne gongen forlenga eg den litt.Så det blei litt "baggy"    
preg over den.
Mini har testa ut luva, og når han fekk sjå den så utbraut han "fiin" som han sei til alt det heimelaga mamma kjem med. Han veit å sjarmere mor si!=)





Eit lite bilde av luva på, her er mini mitt i barnetv kikking. Nattdress, sutt og luve er ein flott kombinasjon!:)

2 kommentarer:

  1. Lua var kul den! Aldri høyrt ordt brot brukt om skjerm (for meg er brot ribbekant t.d. på ermer og nede på ein genser). Spørsm om ikkje eg må prøve å sy ei slik ei av ein eller anna slaget :)

    SvarSlett
  2. Takk:)
    nei veit ikkje kor vanlig det er, men både meg og mannen kaller ei lue med solsjerm for ei "brøtluve" Så er eit dialekt ord hera vertfall:)
    Du må nok bare sy ei du og:)

    SvarSlett