lørdag 21. april 2012

Søsken sett

Som eg har skrivd om tidlegare så er det mykje gebursdagsgåver som har blitt sydd den seiste tida. Og dette er ingen unnntak, eit syskenpar som har bursdag i samme månad måtte få gåve.
Og sidan me nærmar oss varmare dagar (forhåpentligvis) så syns eg det passa med eit sett med t-skjorte og shorts.
Det fyrste sette er til ein som blei 3år, så dette er sauma i 3-4år, t-skjorta har eg vist tidlegare. Shortsen er tatt utgangspunkt i shortsen eg sauma til mini tidlegare, og etter mini testa den ut fant me ut att mønsteret var brukandes. Denne gongen blei det ribb i liv og føtar, i ribben livet har eg laga ei opning og med strikk inni, så ein kan justere livvidda litt. I sidene har eg sett inn ei stripe med ribb, ikkje for noko anna enn at eg syns det er fint som ein variasjon. Sjølve shortsen er sydd i grå babycord, og lommer må ein sjølvsagt ha så ein kan fylle dei opp med stein og sand.
Blei ganske så fornøyd med desse to setta, trur eg må lage noko liknade til mini og. Likar att det kan sjå litt pynta ut, men likevell vera behagleg i bruk.

Mønster: eige
Stoff: babycord og ribb frå S&S, ooga huskar eg ikkje
Str: 3-4år

 P1060650 P1060651 P1060652 P1060653 


Dette settet er til den eldre broren, samme mønster som det fyrste sette bare i litt større størrelse.
Mønster: eige
Stoff: ribb og babycord frå S&S, racerbilar frå Printknitstudio
                                P1060654
  P1060655P1060656
P1060657P1060658
Så då er det bare å håpe at kleda passer, og at det blir litt fint ver i sommar så det kan brukas!:)

Ha ein flott dag vidare!=)





2 kommentarer: