torsdag 31. mai 2012

Teppe til Mini



No den siste tida har det vore veldig varm, og når det har vore tid for legging er soveromma varme og det er litt vanskelig å få roa seg. Mini er slik at han må ha dyna på, den blir ofte sparka vekk viss han blir varm etter han har sovna, men når han skal legge seg må dyna vera på.
Og det blir veldig varm, så her ein ettermiddag heiv eg meg rundt før Mini skulle legge seg og sauma eit tynnt teppe til han. Teppe er sauma sammen av to lag med interlock, heilt enkelt med overlock saum rundt. Og dette falt i smak, det var heilt greit å bytte ut dyna med hvalane, så dette har vore i bruk kvar dag etter det blei laga. (derfor noke skrukkete på bileta)
Eg har planer om å lage eit mindre til knøtten og, dette er supert og bruke i vogna på ein varm sommardag!:)
Str på dette teppe blei ca.100x85cm det var det som var målet på biten med hvalar, men syns det blei ein grei strørrelse på det. Til Knøtten kjem eg til å lage eit som er litt mindre, 65x80cm kanskje?
 P1070043P1070045

P1070042

 P1070039P1070040

Ei bestilling


Eg fekk ei bestilling, som hørtes ca slik ut “ når du syr noko til mini, lag dobbelt opp.” Dette var ei ganske så grei bestilling syns eg, eg hadde heilt fritt spillerom, både med farger og kva det skulle vera, einaste kriteriet var at det skulle passe ein gut på 2 år.
Resultatet blei ei t-skjorte og stuttbukse i str 2-3år. Buksa er i mjuk og god isoli, med ribb i liv og føtter, t-skjorta er i interlock og har jersey som kanting. Mønstera har eg laga sjølv.

P1070027P1070028



P1070033P1070034P1070029 
P1070031  P1070032P1070030 
 

P1070022P1070023
 P1070025P1070024
I ribben i livet har eg sett inn strikk, ribben til hilco er litt slappare enn stoff og stil sin, så syns det er greit med strikk som kan regulerast i denne ribben.

onsdag 30. mai 2012

Fleir t-skjorter

 

i dag har eg sydd 2 t-skjorter, den fyrste fekk litt stram ribb i halsen, så den får mini, den andre er ein del av ei bestilling.

Eg har egetleg hatt lese dag i dag, skal ha norsk eksamen til fredag, så litt lesing må til, men nokre pauser med litt sauming må eg ha innimellom. Eg har fleir bestillingar, mykje som eg har liggande ferdig klippt og masse planar og idear på kva eg skal saume, så eg har masse og kose meg med i lesepausene.

t-skjorta er sauma etter mitt eige mønster i str 3-4år, stoffa har eg kjøpt privat trur eg, utenom ribben som er fra stoff og stil.

 

P1070013

   P1070014

P1070015

 

til t-skjorte nr 2 har eg bruka samme mønster, str 3-4år, blå jersey frå en stor rull, jungel stoffet har eg kjøpt privat.

P1070017

 P1070020

P1070021

tirsdag 29. mai 2012

Sommerdrakt

 

 

Eg har tidligare vist sommerdrakten eg har sydd til Knøtten, og tenkte at det hadde vore kjekt og laga til mini og. Har sett mange varianter av desse sommerdraktene rundt om på bloggar, og syns dei har vore så fine når dei har delt forstykke på denne måten. Så då måtte eg og prøve.

Eg tok utgangspunkt i eit mønster eg laga i vinter til ein heildress i fleece, dette er fyrste test så litt endringar blir det nok (som vanlig) den kunne godt ha vore litt lengre, spessielt den øverste framdelen, då den var litt trang å ta på. Men alt i alt er eg fornøyd, og mini har alt bruka den masse. Eg fekk ikkje tatt bilde av den når den var ny sydd, så her er bilde tatt rett etter den kom frå snora, skrukkete og fin!:)

Mønster: eige

Str: 3år

Stoff: raud interlock Printknit studio, bilar kjøpt privat, knappar frå Lykkedragen

 P1060963

 

P1060968

 

 

P1060967

mandag 28. mai 2012

Stuttbuksur

 

Sidan det har vore så fint vær den siste tida har behovet for sommarklede vore stort, og masse klede må ein ha når ein nesten må skifte mange gonger til dagen for å holde seg rein og fin!

To Knebukser blei det sydd denne gongen, ei i velur med verktøy, og ei i isoli med lommer, i dei kan ein samle opp masse rart som ein finner. Mønsteret er det samme som eg har bruka tidlegare, så desse er gode og romslege. Har planer om å lage eit mønster som er litt smalare i modellen og, men no var eg tom for mønsterpapir så det må bli kjøpt inn før det blir noko meir mønsterteikning.

Mønster: eige –Stuttbukse mønsteret

Str: 3-4år

Stoff: Verktøy velur frå printknitt studio,ljos blå isoli frå stoff og stil, brun og lime ribb frå stoff og stil, maskin jersey frå Cetho, blå jersey frå En Stor Rull

 

P1060978

P1060983

 

 

 P1060979  P1060981 

 

P1060986P1060984

 

P1060985P1060980  

 

 

 

 

 

P1060987

 

P1060993

 

 

 

 P1060988 P1060994

 

P1060992 P1060990

 

P1060991 P1060995

T-skjorte

 

Som eg har skrive tidligare hadde  eg ikkje rekt og sauma opp nok sommarklede til mini før varmen kom, så det er det eg held på med om dagane no. Fyrst ut ei til t-skjorte, denne er sauma i det nye og forbedra t-skjorte mønsteret mitt og no byrjar eg og bli fornøyd. Denne er sydd i str 4 år, og er god og romsleg(utan å vera for stor) til mini, så kanskje den kan passe til neste år og! Stoffet med apekattar er i interlock og er frå Printknit studio, mens den grå ribben er frå stoff og stil.

 

 P1060947 

 

P1060949

 

P1060948 P1060950 P1060952 P1060951

søndag 27. mai 2012

Mei tai

Ein av dei tinga eg lenge har hatt planar om å saume er ein mei tai, eg sauma ein når eg fekk mini og den blei masse bruka. Det var noko av det fyrste eg sauma så sykunskapane har blitt litt forbedra sidan den tid. Det var mange skjønnhetsfeil på den fyrste, den var og sauma av ei gardin og eit fleecepledd og såg ikkje så veldig fin ut.  Så når det no er ein ny knøtt på veg var det på tide og lage ein ny beresele.

Denne blei heilt enkel, hadde eigentleg planer om ein aplikasjon på panelet og så sy sovehette som kunne tas av og på med trykknapper, men plutselig hadde eg sydd den sammen og då var det for seint. Denne er sydd i cordfløyel med fleece i midten og babycord på innsida. så den kan nok bli litt varm og bære i på sommaren så har litt lyst å sy ein i lin og. Kanskje den får sovehette og litt meir pynt?

Dette blir den 3 mei taien eg saumer, for litt over eit år sidan sauma eg ein i barselgåve til bror og svigerrinna mi ein Traktor mei tai.

 

Litt fakta:

Mønster: Eige (samme som traktor mei taien)

Stoff: babycord og cordfløyel frå stoff og stil, fleece i panelet og polstring i silane var nokre restar.

 

 

 P1060942

P1060943

P1060945

P1060944