fredag 25. mai 2012

Det er sommar!


Me hadde så vidt tenkt tanken om å kutte ut ullklede på mini når varmen kom, eg er født og oppvaksen langt oppå fjellet og mai forbinder eg ikkje med bading og sommarklede. Så kvart år kjem eigentleg varmen og sommaren litt brått, eg  bur ikkje lengre langt oppå fjellet der det er ein kald trekk heile sommaren.
Men me er veldig glade for varmen som har kome, og me nyter dei fine dagane ute. Så det betyr at blogging og sauming blir det mindre av. Eg har hatt som mål at me skulle bli ferdig med målinga av verandaen før knøtten kom, og i dag skal me jammen flytte innatt hagemøblane, så det klarte me med god margin!
Eit lite bilde av korleis me kosar oss i dag er vel på sinn plass, det er mini som er fotograf og tek bilde av utsikten frå solstolen sin. Som de ser er alt som har vore på verandan fint plassera utover plenen. Skal bli godt å få rydda opp og få ting på plass igjenn.
P1060911

Litt sauming har det blitt, men mesteparten har blitt tatt i bruk før eg har fått tatt bilder. Eg trudde eg var så tidleg ute med planlegginga og sauminga av sommarkleda til mini, men når ein må ha nokre skift i barnehagen og kleda må vaskas etter ein dagsbruk, visa det seg at ikkje hadde fått sauma opp så mykje sommarklede likevell. Blandt anna ei sommardrakt har eg sauma og driv og tilpasser eit mønster til. Eg får ta bilder og vise når dei har blitt vaska.
Men ein ting kan eg vise fram, den har eigentleg ligge ei stund denne og, ei monstertruck bukse til knøtten. Mini har fått eit sett med monstertruck , det kan du sjå her, så då måtte knøtten og få.
Mønster: eige
Str: 62-68 (har lang ribb i liv og føtar så den kan veksas litt i)
Stoff: Monstertruck interlock og blå ribb  frå Sydilla, svart ribb frå stoff og stil
P1060912

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar