fredag 11. mai 2012

Klesrom del 1

 

eller kott..eit rom til og ha kleda i er det vertfall!:) Det blir langt mellom innlegg om anna enn søm og håndarbeid, og det er ein god grunn til det, det er ikkje så mykje anna og blogge om. Litt blir gjort men lite å fortelle om, slik er det å vera gravid og tappa for energi…

Men klesromme har blirr måla og fått nytt golv, innredninga er me ikkje heilt ferdige med enda, trengs ein tur på Ikea før me kan sei oss ferdige. Så dette får bli del 1 av klesrommet, bilder av endelig resultat får komme når det er ferdig!=)

 

Fyrst nokre bilder av utgangspunktet, slik her var det når me kjøpte huset, det var ferdig sparkla i taket og så sett inn nokre midlertidige hyller. Den tidligare eigaren hadde nok og hatt planer for rommet. Me tok det i bruk som det var når me flytta inn, det var mykje anna som var viktigare å starte på før dette kotte.

P1060272P1060273

Eit bevis på at faktisk eg og har gjort litt, ikkje bare mannen!:)

P1060274

Og så var kotte ferdig måla, me gjore det enkelt og tok både veggar, tak og listar i samme farge. Og så mykje større romme virka etter me fekk måla panelen ljos. Og mykje bedre ljos i det vesle romme, no kan ein faktisk sjå kva klede ein har!

P1060278P1060277

Dynna skal og få eit strøk måling, men no som det er litt fint ver ute blir det nok husmåling som blir prioritert framfor denne dynna. Kanskje til hausten?=)

P1060276

Eg hadde vist ikkje tatt bilde etter golvet var lagt, men mannen hadde tatt eit med telefonen så litt dårligare kvalitet på dette.

423106_10150713370317349_612917348_11798438_1743883838_n     

Me har tatt i bruk klesrommet, men litt meir innredning trengst.

Og snart skal eg oppdatere med husmålinga, for dei siste vikene (når det har vore fint ver) har eg byrja og måle verandaen, og det blir så bra! trengs fortsatt nokre støk der, og så må me beise golvet før me kan sei oss ferdige der. Men målet er at det blir ferdig måla og at utemøblane kan komme på plass før eg har termin i juni.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar