søndag 27. mai 2012

Mei tai

Ein av dei tinga eg lenge har hatt planar om å saume er ein mei tai, eg sauma ein når eg fekk mini og den blei masse bruka. Det var noko av det fyrste eg sauma så sykunskapane har blitt litt forbedra sidan den tid. Det var mange skjønnhetsfeil på den fyrste, den var og sauma av ei gardin og eit fleecepledd og såg ikkje så veldig fin ut.  Så når det no er ein ny knøtt på veg var det på tide og lage ein ny beresele.

Denne blei heilt enkel, hadde eigentleg planer om ein aplikasjon på panelet og så sy sovehette som kunne tas av og på med trykknapper, men plutselig hadde eg sydd den sammen og då var det for seint. Denne er sydd i cordfløyel med fleece i midten og babycord på innsida. så den kan nok bli litt varm og bære i på sommaren så har litt lyst å sy ein i lin og. Kanskje den får sovehette og litt meir pynt?

Dette blir den 3 mei taien eg saumer, for litt over eit år sidan sauma eg ein i barselgåve til bror og svigerrinna mi ein Traktor mei tai.

 

Litt fakta:

Mønster: Eige (samme som traktor mei taien)

Stoff: babycord og cordfløyel frå stoff og stil, fleece i panelet og polstring i silane var nokre restar.

 

 

 P1060942

P1060943

P1060945

P1060944

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar