fredag 11. mai 2012

Nattdress til baby

 

Eg har dei siste dagane gått gjennom kleda etter mini, for å finne ut kva eg treng til knøtten som er på veg. Det visa seg at det var lite med nattdressar, fleste parten av dei me hadde etter mini var i ull og det kan bli litt varmt midt på sommaren.

Så då er det ikkje anna å gjere enn  å sy nattdress, mønsteret laga eg sjølv, såg litt på nokre me hadde og så var eg innom nokre bloggar og fekk litt inspirasjon.

Dette er fyrste test av mønsteret, og eg trur  ikkje det blei så gale, kanskje litt smal, så kan nok hende neste blir litt vidare i kroppen. Det mangler og 1 trykknapp på kvar side i beina, gjekk tom for brune knappar, så må bestille nye før eg får sett dei inn.

Mønster: Eige

Størrelse: 0-2mnd

Stoff: sky interlock kjøpt privat (JNY) blå jersey frå En Stor Rull, KAM knapper fra Lykkedragen

 P1060844 

 

P1060846P1060845

 

 

P1060848  P1060847

2 kommentarer:

  1. Denne ble jo kjempefin:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, blir moro når me kan få teste det på!:)

      Slett