torsdag 31. mai 2012

Teppe til Mini



No den siste tida har det vore veldig varm, og når det har vore tid for legging er soveromma varme og det er litt vanskelig å få roa seg. Mini er slik at han må ha dyna på, den blir ofte sparka vekk viss han blir varm etter han har sovna, men når han skal legge seg må dyna vera på.
Og det blir veldig varm, så her ein ettermiddag heiv eg meg rundt før Mini skulle legge seg og sauma eit tynnt teppe til han. Teppe er sauma sammen av to lag med interlock, heilt enkelt med overlock saum rundt. Og dette falt i smak, det var heilt greit å bytte ut dyna med hvalane, så dette har vore i bruk kvar dag etter det blei laga. (derfor noke skrukkete på bileta)
Eg har planer om å lage eit mindre til knøtten og, dette er supert og bruke i vogna på ein varm sommardag!:)
Str på dette teppe blei ca.100x85cm det var det som var målet på biten med hvalar, men syns det blei ein grei strørrelse på det. Til Knøtten kjem eg til å lage eit som er litt mindre, 65x80cm kanskje?
 P1070043P1070045

P1070042

 P1070039P1070040

2 kommentarer:

  1. Så deilig med et så fint og lett teppe. Det er kjekt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det har vore veldig kjekt i bruk, så kan slike teppe kan anbfalast no som det er så varmt. Kjempe enkelt å sy og!:)

      Slett