tirsdag 12. juni 2012
Ånondbukse
Til liten og stor
Ja me har kome til juni, men likevell er behovet for nokre luer der. Mini er veldig glad i å gå med lue, men dei fleste han har er litt for tykke no, så då var det på tide og sy ei ny. Denne gongen har eg prøva ein litt annan variant, den er i enklel jersey, med dobbel ribb nederst. Det er mange rundt om som har sydd slike luer før meg, så eg har bare bruka luemønsteret eg hadde frå før og sett på ein ribb nederst. Korleis den er på veit eg ikkje enda, me får teste den ut når Mini kjem heim frå barnehagen.
Som eg viste tidligare så driv eg og å saumer luer til magebuaren, men har enda ikkje funne noko mønster eg har vore fornøyd med. Så tenkte eg at kanskje eg kunne sy samme type til han, bare nokre hakk mindre. Eg sydde ei matchande lua til mini, men syns den såg veldig lita ut, så eg sydde ei som var litt større og. Om desse er noko greie i bruk og passform har eg ikkje peiling på, men det er vel ikkje så alt for lenge til me får testa det ut.
Stjerneluene er sydd i jersey frå Textart og ribb frå stoff og stil
Verktøylua er i velur frå Print Knit Studio, og ribb frå stoff og Stil
mandag 11. juni 2012
Tow Mater..
eller Bill som han blir kalla i den norske versjonen av filmen Cars, er eit stoff som eg har sydd litt av i det siste. Og dei gutane som har fått seg t-skjorte i dette stoffet har lika det veldig godt. Mini har både t-skjorte og matchande bukse i dette stoffe, og då må så klart Knøtten få ein matchande body.
Mønster: Heilt spesiell str 56
Stoff: Interlock frå Printknit, Ribb frå Stoff og stil
Det er ein evighet
lørdag 9. juni 2012
Ånondbukse
Enda ei Ånondbukse, syns desse buksene er så greie i bruk så her har eg sydd enda ei til Knøtten, den fekk lang ribb i føtan så den satser me på at kan veksas litt i! Den er sydd etter samme mønster som den andre Ånondbuksa eg har sydd til knøtten, men denne er hakket større (2-3 mnd)
Mønster: eige
Str: 2-3mnd
Stoff: Ooga frå Lykkedragen, Jersey frå Sydilla, ribb i føtane fra ein ubrukt genser
fredag 8. juni 2012
Heildrakt
torsdag 7. juni 2012
Bæææ #2

Enda ei sommerdrakt
Eg har tidligare vist Sommerdrakten eg sydde til Mini, no som eg driver å få brukt opp stoffrestar passa det godt og sy nokre sommerdrakter til. Eg har forandra litt på mønsteret frå fyrste test, bryststykket er forlenga litt så den skal bli litt lettare og ta av og på, den har og fått litt større armholer og sjølve drakta er litt vidare. Har ikkje testa den på Mini enda men håper forandringane førte til litt bedre passform.
Det blei ein ganske så farge sprakande sommerdrakt dette her, eigentlig skulle begge bryststykka vera i stjernestoffet, men eg klarte og klippe to like og hadde ikkje meir stoff til å klippe ny. Så det betyr at det ligger ein til fargesprakande sommerdrakt klar til og bli sydd sammen, med ulike bryststykker!
Mønster: eige
Str: 3år
Stoff: litt herfra og derfra
onsdag 6. juni 2012
Meir sommarklede
Desse to shortsane har eg sauma for ei god stund sidan, dei blei ferdige så Mini kunne få bruke dei mens finveret var her i pinsa. Og sidan den tid har dei vore i bruk eller til vask. Denne fyrste med stjerner fekk eg tatt bilde av før den blei tatt i bruk, det rakk eg ikkje med nr to.
Dei er sydd etter samme mønster som stuttbuksene, eg har bare kutta litt på lengda så dei stopper på låret, istaden for rett nedan for kneet. Dei er gode og vide i modellen, og er supre til å springe og leike i. Mini har og bruka dei på natta når det var veldig varmt, for sommarnattdress med korte armar og føtar har eg ikkje fått laga til han enda.
Mønster: Eige (stuttbukse)
Str: 4år
Stoff: Alt frå Stoff og Stil
Denne har samme utgangspunt som stjerneshortsen, bare den fekk litt breiare ribb i liv og føter.
Stoff: stoff og stil, ribb frå Sydilla
Planen er å lage ein shorts som er litt smalare i modellen, og kanskje enda litt kortare i føtane. Når det blir er uvisst, men håper det blir før sesongen for sommarklede er over!:)
Restefest
tirsdag 5. juni 2012
Babyteppe
mandag 4. juni 2012
Giveaway
Eg tenker det er på tide med ein liten giveaway på bloggen min, det har vore over 30 000 sidevisningar, og dette må feirast!:)
Eg er kjempe glad for at så mange er innom sida mi, og for alle dei koselige kommentarane som blir lagt att her.
Premien er eit sjal i bomull, i utganspunktet eit slik som er avbilda, men om det skulle vera heilt feil fargar for den som vinn så skal me nok få fiksa det!:)
Ein kan i alt ta 2 lodd, 1 lodd for ein kommentar under dette innlegget og 1 lodd for å bli følger av bloggen (dei som alt er følger av bloggen får så klart eit lodd for det) Og husk å legg igjen e-post adressa di så eg får kontakta vinnaren, viss du ikkje har blogg.
Eg har aldri hatt giveaway før, men håper det skal gå bra forde om eg er heilt uerfaren på dette område!:)
Fristen for å bli med på giveawayen er 1 juli!