torsdag 7. juni 2012

Bæææ #2


Eg sydde for litt sidan ei t-skjorte til Mini i dette tøffe stoffet med sauer på, på same tid som eg klippte ut t-skjorta til Mini klippte eg og ein body til Knøtten. Men den blei liggande fram til i dag, då fekk eg lyst å sy den ferdig.
Eg har no gått ordenlig gjennom kleda etter mini og det eg har sydd til Knøtten å fant ut at det var litt få bodyar. Det var litt div ana og som var litt lite av, så eg skreiv meg ei liste over kva eg må få sydd til Knøtten kjem, i dag har eg klyppt ut nokre dressar i isoli, kanskje eg skal sy dei i morgo?
Mønster: Heilt spesiel str 56
Stoff: kvit jersey frå Sydilla, Sauer fra En Stor rull
P1070102
P1070103


Eg prøvde meg og på nokre luer til Knøtten i dag, har bare så små luer i ull, tenkte det var greit og ha noen i bomull og. Testa ut eit mønster eg fant i eit Ottobre blad eg fant (str 44) men blei ikkje fornøyd, lika ikkje heilt fasongen på dei. No veit eg ikkje korleis dei er på sidan eg ikkje får testa dei ut på nokon, men viss DU har eit tips om eit bra luemønster til nyfødte tar eg imot med opne armar!=)
P1070107




Har du blitt med på Giveawayen eg har her på bloggen?
Trykk på bilde og bli med!:)
Giveaway

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar