mandag 11. juni 2012

Det er ein evighet


Sia eg har spita (strikka) no, det føles vertfall slik. Eg har hatt tak i sneisane (strikkepinnane) fleire gonger, men lysta har ikkje vore der, så etter eit par maskar har spite blitt liggande i fanget. Men no i helga kom plutselig lysta tilbake, eg sat og tenkte på kva eg hadde strikka til Mini når han kom til, og det var ein heil del. Denne gonga har eg kunn strikka ferdig ei ribbbukse i str 9mnd (og den var eigentleg tiltenkt Mini ei gong i tida)
Eg har jau sydd ein god del til Knøtten da, det gjorde eg ikkje til Mini sidan sydilla kom snikande mens eg var i permisjon med Mini. Og så har eg vel tenkt at på sommaren så brukar ein ikkje så mykje spita ting (eg liker best og strikke i ull) men some dagar kan vera kjøligare enn andre, og nokre strikka sokkar på nokre små tæar kan det bli behov for forde om de er i sommarhalvåret.
Så då blei 2 par med Madam Møllers Babysokker (oppskrift frå Nøstebarn boka) spita i løpe av laurdag og sondagskvelden. Eg strikka ei slik par til Mini og, og dei er så god ei passform på til bitte små baby føtar!
Det minste paret (det i fleire bruntoner) kjem til å bli med i sjukehusbaggen, begge er strikka av nokre restar eg fant i restekorga innmed godstolen, og ein rundpinne som og låg der. Så kva for garn og pinnestr dette er er det ingen som veit, men er har strikka etter oppskrifta som var 3/6mnd (den minste) Og sidan me veit det er ein Gut me ventar denne gongen har dei fått blått knytebånd (me viste ikkje kva me fekk når eg gjekk med Mini så då blei sokkane strikka kvite med Grønntband så det kunne passe begge kjønn!:)
P1070130


 P1070128

 
P1070131

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar