onsdag 6. juni 2012

Meir sommarklede

 

 

Desse to shortsane har eg sauma for ei god stund sidan, dei blei ferdige så Mini kunne få bruke dei mens finveret var her i pinsa. Og sidan den tid har dei vore i bruk eller til vask. Denne fyrste med stjerner fekk eg tatt bilde av før den blei tatt i bruk, det rakk eg ikkje med nr to.

Dei er sydd etter samme mønster som stuttbuksene, eg har bare kutta litt på lengda så dei stopper på låret, istaden for rett nedan for kneet. Dei er gode og vide i modellen, og er supre til å springe og leike i. Mini har og bruka dei på natta når det var veldig varmt, for sommarnattdress med korte armar og føtar har eg ikkje fått laga til han enda.

Mønster: Eige (stuttbukse)

Str: 4år

Stoff: Alt frå Stoff og Stil

 P1060953 ¨P1060960

P1060956

P1060954P1060955  

 

Denne har samme utgangspunt som stjerneshortsen, bare den fekk litt breiare ribb i liv og føter.

Stoff: stoff og stil, ribb frå Sydilla

P1070096P1070097

 

P1070099P1070100

 

   Planen er å lage ein shorts som er litt smalare i modellen, og kanskje enda litt kortare i føtane. Når det blir er uvisst, men håper det blir før sesongen for sommarklede er over!:)

 

 

 

 

Giveaway

3 kommentarer:

  1. Så flotte shortser. Kan jo mange ganger være vanskelig å finne shorts til de små som ikke ser ut som høyvannsbukser, så det å lage shortser som når midt på låret er jo gull :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er kanskje ikkje så enkelt og få tak i det? Eg har sydd alt av sommerklede til mini i år, så eg har ikkje vore i butikkane og sett kva utvalg dei har:)
      Takk for skryt:)

      Slett
    2. Nei det er kanskje ikkje så godt utvalg i korte Shortsar å få kjøpt, har sydd alt av sommarklede til mini i år, Så har ikkje vore i butikkane og sett på utvalget:)
      Takk for skryt:)

      Slett