søndag 7. desember 2014

Traktor til både gut og jente

Nokre bodyar i traktor stoff i blå og rosa, planen var å sy opp nokre så eg kunne ta dei med på jolemarknaden neste helg. Men dei blei selt før eg kom så langt, så no er det kun ein blå i str 92 igjenn.
Eg får sjå om eg rekk å sy opp litt fleir, ellers har eg traktorluver fora med ull.

mandag 17. november 2014

Arbeidsplassen min

Eg er så heldig å ha arbeidsplassen min heime, i kjellaren driv eg frisørsalongen og systoga Søksi.
I gangen inn til salongen har eg laga ei lita salgsutstilling med dei ferdige kleda eg syr.
Det er luksus å kunne jobbe med hobbyen sin på heiltid, og veldig greit å ha utdanna meg i eit yrke som passer så bra å kombinere sammen med hobbyen.
Så i rolige stunder, eller mens ein farge virker kan eg inn på syrommet å klyppe eller sy litt.
Eg trivas, jammen har me det godt på bygda!

mandag 10. november 2014

Kjolar

Det nærmer seg jol og jolebord. Det blir fort mange selskap og då er det moro å pynte seg litt.
Eg forbedra litt på eit gammalt mønster og sydde to kjolar.  Den grønne er tilsalgs, mens den grå kan det hende eg beheld sjav. Begge er i str M.

torsdag 6. november 2014

Hals og luvur

Me har alt kome til november, og det kjennes på temperaturen.  Den fyrste snoen har kome (og reist) og det er tid for varmare klede.
Her i huset bruker me veldig mykje ull, egentlig året rundt men no i fleire lag og i  luver og halsar.
Her kjem litt bilete av noko av det som er å få kaupt i kjellaren der eg har systoga og frisør salongen Søksi.

torsdag 16. oktober 2014

Fleir genserar

Desse genserane blei klyppt for ei beite sidan, og no om dagen var det tid til å få sydd dei sammen.
I hovudsak var det genserar til gutongane som var planen med desse, men dei har vell strengt tatt ikkje bruk for alle.
Genserane er i str 3 og 7år og er i 5 variantar i kvar str. Så nokre blir nok lagt i salgshylla i salongen.
Kan vera ei grei jolegåve til ein gut (eller jente om du vil) detta!

tirsdag 7. oktober 2014

Bursdagsgåve

Det va tid for ein ny barnebursdag, Mini meinte me måtte gje ein kjole og eit panneband måtte og lagast.
Stoffa fekk han velge ut, mønsteret er frå boka Heilt spessiel og jubel, med litt endringar.

fredag 19. september 2014

Genserar

Innimellom bestilling saum og frisør jobbing blir det tid til litt anna og. Denne gongen sydde eg 3 genserar som har ligge ferdig klippte sidan i vinter ei gong.
Det blei og sydd ein genser i Donald stoff, den var så heldig å bli sydd sammen med ei gong den var klippt.

mandag 11. august 2014

Redesign haremsbukse

Eg måtte prøve meg på ei til haremsbukse, denne fekk ribb i livet og litt endringar for å sitte finare på.
Denne er og redesigna av ein herre genser .

søndag 10. august 2014

Redesign

Eg var så heldig at eg fekk ein stor sekk med klede til å bruke til redesign. Det var masse av fine stoffer og ideane strømma på.
Fyrst ut blei ein baggy dame genser som er sydd av ein herre genser.
Det som er igjenn av orginal sømmer er armsømmen, dei klipte eg av og korta inn. Og så sett på igjenn når eg hadde gjort endrinane eg ville på bol og skuldersømmer.
Denne modellen blir det nok gjort fleir versjonar av.

Tskjorte

Ei tskjorte i str 12år, mønsteret er eit forstørra heilt spesiell og jubel mønster.

torsdag 7. august 2014

Sinna fugl

Ei trøye i str 6år, var tenkt til Mini men han ville ikkje ha uten armer. 
Så denne er til salgs (200kr)

onsdag 23. juli 2014

Traktor sett

Eit sett med stuttbukse og trøye til Knøtten.
Heile settet er inspirert av jubel og heilt spessiel, og shortsen er faktisk bruka mønsteret i boka for å teste ut korleis det var i forhold til dei mønstera eg har laga.
Settet er sydd i str 3år og Knøtten har springi rundt i traktor settet sitt o heile dag.
Godt med tynne lette klede på slike varme dagar som me har hatt no!

tirsdag 22. juli 2014

Litt nytt i hyllene

Nokre bodyar i str 56 og 68 er sydd opp i økologiske stoff, kjekke å gje bort i barselgåve.
Desse ligg i salgshylla i frisørsalongen Søksi, så det er bare å kome innom å sjå når det er ope i salongen.
Ellers er det bare å sende ein mail så sender eg og til dei som bur litt lengre unna.

søndag 20. juli 2014