mandag 17. november 2014

Arbeidsplassen min

Eg er så heldig å ha arbeidsplassen min heime, i kjellaren driv eg frisørsalongen og systoga Søksi.
I gangen inn til salongen har eg laga ei lita salgsutstilling med dei ferdige kleda eg syr.
Det er luksus å kunne jobbe med hobbyen sin på heiltid, og veldig greit å ha utdanna meg i eit yrke som passer så bra å kombinere sammen med hobbyen.
Så i rolige stunder, eller mens ein farge virker kan eg inn på syrommet å klyppe eller sy litt.
Eg trivas, jammen har me det godt på bygda!

mandag 10. november 2014

Kjolar

Det nærmer seg jol og jolebord. Det blir fort mange selskap og då er det moro å pynte seg litt.
Eg forbedra litt på eit gammalt mønster og sydde to kjolar.  Den grønne er tilsalgs, mens den grå kan det hende eg beheld sjav. Begge er i str M.

torsdag 6. november 2014

Hals og luvur

Me har alt kome til november, og det kjennes på temperaturen.  Den fyrste snoen har kome (og reist) og det er tid for varmare klede.
Her i huset bruker me veldig mykje ull, egentlig året rundt men no i fleire lag og i  luver og halsar.
Her kjem litt bilete av noko av det som er å få kaupt i kjellaren der eg har systoga og frisør salongen Søksi.