torsdag 22. januar 2015

Ein ny topp

Etter litt fleir endringar som å lage armane og bolen litt vidare, måtte eg teste ut mønsteret igjenn. Denne blei eg meir fornøgd med, men den må kanskje forlengast litt når den blei litt vidare.

torsdag 15. januar 2015

Blomster topp

Eg har som mål dette året å få sydd meir klede til meg sjølv, og viss eg klarer det blir det og shoppa mindre klede.
Denne gånga var det ein topp i jersey som blei sydd, eg bruka eit ferdig mønster frå boka til Jenny Hellström. Veldig fin fasong på denne, eg har endra litt på mønsteret blant anna forlenga eg den litt bak.
Og litt fleir endringar må til før eg blir heilt fornøgd, armane er feks. litt for smale så der har eg endra litt på mønsteret.
Ein ny test er sydd men har ikkje kome så langt at den er avbilda enda.

onsdag 7. januar 2015

Gubbeluvur

Mannen er ein storforbrukar av luvune eg syr, dei blir bruka daglig på jobb. Luvune bli sjåande ut der etter og -fulle av olje og anna andre ting som ikkje gjeng av i vask.
No var det på då tide med litt utskiftning, og når eg fyrst var i gang sydde eg opp litt fleir til å ha i utsalget i salongen.