torsdag 26. mars 2015

Kjole

For det meste blir det barneklede eg syr men innimellom får eg lyst til å sy litt voksne.
Denne gongen var det dette blomstrete stoffet som eg fekk inspirasjon av. Eg sybs det er så fine farger i det, og saman med litt velur som eg hadde hatt liggande ei beite blei det ein kjole.
Eg har sydd fleir variantar av denne kjolen før, og eg bjynder å bli fornøgd med mønsteret mitt. Denne kjolen blei kortare framme enn bak, litt for å utnytte stoffet og mest fordi eg syns det er fint.
Denne hadde ingen eigar men etter eg la ut bilete av den på sida mi på facebook fekk den jammen meg ein.
Og hadde den ikkje blitt selt så fort som den blei, hadde den nok enda opp i klesskapet mitt. Så då er det bare å sy opp fleire kjolar, kanskje eg får meg ein ny snart! :)