mandag 27. april 2015

Tskjorter

Det er tid for å sy litt meir sommarlege klede, og gutane i huset har jammen strekt seg i vinter og.
Ein av tinga som det var vehov for i klesskapet var tskjorter ,  og når ein fyrst syr nokre til ungane kan ein sy opp litt fleir.
Nokre av tskjortene har blitt sendt ut til nye eigerar mens nokre ligg i salgshylla her i kjellaren og kan bli kjøpt av nokon som kjem innom.
Desse tskjortene er i str 4år , mønsteret har eg laga sjølv. Soffa er kjøpt rundt om, eg må innrømme at eg ikkje lengre klarer heilt å hugse kvar alt er kjøpt, det er så mange goe norske nettbutikkar som sel stoff no!

mandag 13. april 2015

Nattbukse

Eg har lenge hatt planar om å sy meg ei nattbukse, eg har sett så mange fine rundt om både i butikkar og på nettet.
Og endelig kom inspirasjonen og lysta til å komme i gang.
Eg hadde liggande litt gamalt sengetøy som har vore tiltenkt dette prosjektet,  mjuk og god flannel.
Eg tok utgangspunkt i eit kjøpemønster og laga den fyrste buksa , dette mønsteret var med lommer så fyrste buksa fekk det.
Når eg fyrst var i gang fekk eg lyst å sy fleir,  det er det eg likar best med syinga,  å utvikle og forbedre det eg syr og mønstera eg bruker.
Neste bukse blei uten lommer, og litt endringar med knytebånd og ribben.
Mønsteret er ganske greit,  men kanskje litt smalt 7 forhold til det eg hadde tenkt på.
Eg må nok få tak i meir sengetøy og få laga fleire bukser og få utvikla mønsteret litt meir. Det er veldig moro med litt vaksen søm,  men no er det sommarklede til ungane som må bjyndas på.