mandag 13. april 2015

Nattbukse

Eg har lenge hatt planar om å sy meg ei nattbukse, eg har sett så mange fine rundt om både i butikkar og på nettet.
Og endelig kom inspirasjonen og lysta til å komme i gang.
Eg hadde liggande litt gamalt sengetøy som har vore tiltenkt dette prosjektet,  mjuk og god flannel.
Eg tok utgangspunkt i eit kjøpemønster og laga den fyrste buksa , dette mønsteret var med lommer så fyrste buksa fekk det.
Når eg fyrst var i gang fekk eg lyst å sy fleir,  det er det eg likar best med syinga,  å utvikle og forbedre det eg syr og mønstera eg bruker.
Neste bukse blei uten lommer, og litt endringar med knytebånd og ribben.
Mønsteret er ganske greit,  men kanskje litt smalt 7 forhold til det eg hadde tenkt på.
Eg må nok få tak i meir sengetøy og få laga fleire bukser og få utvikla mønsteret litt meir. Det er veldig moro med litt vaksen søm,  men no er det sommarklede til ungane som må bjyndas på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar