torsdag 9. juli 2015

Shortsar

Det har vell ikkje akuratt vore ver til å gå i shorts dei seiste dagane men etter regn kjem vell fin veret?!
Eg har vertfall trua på at me får litt fint ver og framover, for no går eg straks ut i 3 vekers ferie og fint ver høyrer med!
Desse shortsane samen med det meste andre eg har sydd opp er levert inn til Haukeliutstillinga, moro å bli spurt om å stille ut der og veldig kjekt no som eg har stengt i 3 veker.

søndag 5. juli 2015

"Sleg på seg jakke"

Eg har leng hatt planer om å sy ei slik jakke eller cardigan men det er mykje planar. Endelig fekk eg tatt meg tid til å lage mønster,  utgangspunktet er ei eg har ljø5pt og er godt brukt.
Dette er fyste forsøk og blei veldig forøyd med fasongen, så no er det bare å sy jakker. Det som er moro er kor forskjeølige dei bli etter kva kvalitet ein syr dei i, denne er sydd i isolo. Neste vil eg prøve å sy ei i eit tynnare stoff med litt meir fall,  kanskje?

lørdag 4. juli 2015

Stuttbukse

For litt sidan prøvde eg meg på eit kjøpe mønster ,  eller det var eit mønster frå Alt om håndarbeid sybladet. Det er så moro å sjå i slike blad,  ein får fult av idear og inspirasjon. For det meste hentar eg idear og inspirasjon frå blada og så lager og mønstera sjølv men denne gongen ville eg det skulle gå litt fortare så då blei det testa ut.
Den er sydd i fast stoff og er god og romsleg, kanskje litt for romsleg. Det må nok litt endringar til før eg blir heilt fornøgd men fult brukande er den!

torsdag 2. juli 2015

Kjolar til varme sommerdagar

Ja for no har sommaren kome for fult her oppe i fjellbygdene,  og når det er sommar og sol må jentene få springe rundt i fargerike lette kjolar.
Desse kjolane er sydd opp for å ha dei med i lasset på det eg leverte inn til Haukeliutstillinga. For jammen blei eg spurt om å stille ut kleda mine der,  så moro!
Eg har ikkje rekkt å innom å sett utstillinga enda men det skal eg få tid til i løpet av sommaren!
Så i hyllene her i salongen er det ganske så tomt,  eg driver på og syr for å få fylt opp litt att men no som det er fult kjøyr i frisørsalongen blir det mindre tid bak symaskina.

Kjolane er laga av eit sjølv konstruert mønster, veldig enkelt snitt som og kan brukast med stilongs og trøye under, på kaldare dagar.