torsdag 2. juli 2015

Kjolar til varme sommerdagar

Ja for no har sommaren kome for fult her oppe i fjellbygdene,  og når det er sommar og sol må jentene få springe rundt i fargerike lette kjolar.
Desse kjolane er sydd opp for å ha dei med i lasset på det eg leverte inn til Haukeliutstillinga. For jammen blei eg spurt om å stille ut kleda mine der,  så moro!
Eg har ikkje rekkt å innom å sett utstillinga enda men det skal eg få tid til i løpet av sommaren!
Så i hyllene her i salongen er det ganske så tomt,  eg driver på og syr for å få fylt opp litt att men no som det er fult kjøyr i frisørsalongen blir det mindre tid bak symaskina.

Kjolane er laga av eit sjølv konstruert mønster, veldig enkelt snitt som og kan brukast med stilongs og trøye under, på kaldare dagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar