lørdag 4. juli 2015

Stuttbukse

For litt sidan prøvde eg meg på eit kjøpe mønster ,  eller det var eit mønster frå Alt om håndarbeid sybladet. Det er så moro å sjå i slike blad,  ein får fult av idear og inspirasjon. For det meste hentar eg idear og inspirasjon frå blada og så lager og mønstera sjølv men denne gongen ville eg det skulle gå litt fortare så då blei det testa ut.
Den er sydd i fast stoff og er god og romsleg, kanskje litt for romsleg. Det må nok litt endringar til før eg blir heilt fornøgd men fult brukande er den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar